Anna Jorunn Avdem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anna Jorunn Avdem

Statsborgarskap Noreg
Fødd 1952 (72 år)
Lesja
Yrke skribent, politikar
Politisk parti Sosialistisk Venstreparti
Ektefelle Jan Olav Fretland
Born Jostein Avdem Fretland

Anna Jorunn Avdem (fødd 1952) er ein norsk historikar, forfattar og SV-politikar. Ho er fødd i Lesja, busett i Lærdal. Avdem har som forfattar gjeve ut fleire bøker om kvinner sine kår. Ho har arbeidd som lærar i skulane i Lærdal og i 2002 vart ho tilsett som museumslektor på De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum.

Hovudoppgåva hennar «Gjort kva gjerast skulle» vart gjeve ut som bok i 1984. Saman med Kari Melby gav ho ut «Opp først og sist i seng» 1985, og i 2001 gav Avdem ut «Husmorparadiset», der ho skildrar glansåra for husmorrolla på 1950- og 1960-talet. I 2009 gav ho ut ”Levd liv, ei soge om sogningane og muséet deira” (Skald) saman med Aage Engesæter og Lars Asle Vold.

Avdem var varaordførar i Lærdal frå 2003 til 2007.

Ho er gift med Jan Olav Fretland og mor til Jostein Avdem Fretland.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 2009 – Levd liv : ei soge om sogningane og museet deira (Leikanger: Skald). ISBN 978-82-7959-132-0  [Av Anna Jorunn Avdem [og] Aage Engesæter ; foto: Lars Asle Vold]

I tidsskrift - eit utval[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]