Anna Maria van Schurman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anna Maria van Schurman

Statsborgarskap Dei sameinte Nederlanda
Fødd 5. november 1607
Köln
Død

4. mai 1678 (70 år)
Wiuwert

Yrke lyrikar, skribent, filosof, teolog, kunstmålar, grafikar, raderer, glass engraver, kalligraf, filolog, historikar, medic, kunstnar, grafikar
Språk latin, fransk, tysk, gamalgresk, nederlandsk, engelsk, hebraisk, italiensk, arameisk, gammalsyrisk, arabisk, persisk, geez
Religion Protestantisme
Anna Maria van Schurman på Commons

Anna Maria van Schurman (5. november 16074. mai 1678) var ein nederlandsk målar, poet, forfattar og lærd.[1] Ho var kjend for kunnskapane sine innan filosofi, teologi, medisin og minst 14 språk,[1] og blei sett på som eit universalgeni.[2] Ho var den fyrste kvinna i Nederland som studerte ved eit universitet.[3][4]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Van Schurman blei fødd i Köln, og heldt til storparten av livet i Utrecht i Nederland.[1]

Ho opparbeidde seg språkkunnskapar i blant anna tysk, fransk, gammalgresk, latin, hebraisk, arameisk, arabisk, syrisk, persisk og etiopisk.[1] Ho skreiv lyrikk på fem språk, og forfatta dessutan ein etiopisk grammatikk.[1]

I 1636 studerte Van Schurman ved universitetet i Utrecht. Forutan å følgje lukka førelesingar, var ho også til stades på disputasar og føredrag som var opne for alle. Ho studerte språkfag og medisin, men framfor alt teologi.[4]

I løpet av livet brevveksla Van Schurman med ei rekkje framståande personar i Europa, mellom dei Elisabeth Stuart, Simonds d'Ewes, Samuel Rutherford og Henrietta Maria av Frankrike.[1] Van Schurman spela ei nøkkelrolle i eit nettverk av europeiske lærde kvinner, som forutan ho bestod av blant andre Birgitte Thott, Christina av Sverige, Marie le Jars de Gournay, Batsua Makin og Dorothea Moore.[4]

Gjennom bruk av syllogismar (ein metode som også blei brukt av dei lærde i mellomalderen), argumenterte Van Schurman for at kvinner burde få utdanning innan alle felt, men ikkje burde bruke utdanninga si i yrkeslivet, i tillegg til at utdanninga ikkje burde blandast med pliktane deira i heimen.

Utvalde verk[endre | endre wikiteksten]

Sjølvportrett, 1640.
  • De Vitae Termino (Om livets ende). Publisert i Leiden, 1639. Omsatt til nederlandsk som "Pael-steen van den tijt onses levens," publisert i Dordrecht, 1639.
  • Dissertatio De Ingenii Muliebris ad Doctrinam, & meliores Litteras aptitudine. Paris, 1638, og Leiden, 1641. Omsatt til fleire språk, inkludert nederlandsk, fransk (1646), og engelsk (1659, med tittelen "The Learned Maid or, Whether a Maid may be a Scholar").
  • Opuscula Hebraea, Graeca, Latina, Gallica: prosaica adque metrica. Utrecht, 1648.
Ei utgåve av hennar samla verk, inkludert korrespondanse på fransk, latin, gresk og hebraisk. Utgåva blei trykka opp att i 1650, 1652, 1723 og 1749.
  • Eukleria seu Meliores Partis Electio. Publisert i Altona, 1673. Hennar sjølvbiografi, forfatta på latin. Omsatt til nederlandsk og tysk.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Den amerikanske kunstnaren Judy Chicago gav Van Schurman ein av 39 plassar ved middagsbordet i kunstinstallasjonen The Dinner Party.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 «About Anna Maria van Schurman». www.annamariavanschurman.org (på engelsk). Henta 14. september 2017. 
  2. «Anna Maria van Schurman». 19. november 2005. Arkivert frå originalen 19. november 2005. Henta 14. september 2017. 
  3. «Anna Maria van Schurman». Oxford Bibliography. Oxford University Press. Henta 23. september 2019. 
  4. 4,0 4,1 4,2 «The first female university student: Anna Maria van Schurman (1636)». www.annamariavanschurman.org (på engelsk). Henta 30. september 2017. 
  5. «Brooklyn Museum: Place Settings». www.brooklynmuseum.org. Henta 14. september 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]