Anna Morandi Manzolini

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anna Morandi Manzolini

Fødd 21. januar 1714
Bologna
Død

9. juli 1774 (60 år)
Bologna

Yrke anatom, bilethoggar, kunstmålar
Medlem av Accademia delle Arti del Disegno
Ektefelle Giovanni Manzolini
Anna Morandi Manzolini på Commons

Anna Morandi Manzolini (21. januar 17149. juli 1774) var ein italiensk anatom og biletkunstnar som tente som professor i anatomi og modellering ved universitetet i Bologna og var internasjonelt kjend for sine anatomiske voksmodellar.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Sjølvportrett i voks av Anna Morandi Manzolini som dissekerer ein hjerne.

Anna Morandi var fødd i Bologna som dotter av Carlo Morandi og Rosa Giovannini. Ho studerte teikning og skulptur under Giuseppe Pedretti og Francesco Monti, og blei gjennom dei kjend med anatomen og voksskulptøren Giovanni Manzolini.[1] Dei gifta seg i 1740 og fekk seks barn; to av dei levde opp.

Modell av øyret laga av Anna Manzolini.

Anna Manzolini lærte seg snart anatomi og hjelpte ektemaken med å dissekera og laga modellar. Ho utvikla nye disseksjonsmetodar, og identifiserte tidlegare ukjende kroppsdelar.[2] Då Giovanni blei sjuk av tuberkulose heldt Anna Manzolini førelesingane hans, og etter at han døydde i 1755 overtok ho heile verksemda. Dette året tilkjende også pave Benedikt XIV henne eit årleg stipend for resten av livet.[3] I 1756 blei ho utnemnd til professor i anatomi ved Vitskapsinstituttet i Bologna, og i 1760 blei ho også utnemnd til modellatrice ('modellmakar'). Gynekologiprofessoren Gianni Galli bad henne førelesa for studentane hans.[2]

Manzolini var vidkjend i Europa for sine anatomiske voksskulpturar, som mellom anna viste fram nerver, kapillærårer og fosterutvikling.[2] Ho blei medlem av vitskapsakademia i Italia, England og Russland. Anna Manzolini blei også boden til fleire europeiske hoff, mellom anna til Katarina den store i Russland. Blant verka hennar var to byster av henne sjølv og maken i ferd med å dissekera.[4]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Voksmodellane til Manzolini (kjende som Supellex Manzolinia) blei arketypar for seinare anatomimodellar i pappmasjé som var forløparar for moderne undervisingsmodellar.[2]

Etter at ho døydde blei ei byste av Manzolini plassert i Panteon i Roma. Ei anna byste, laga av henne sjølv, finst i universitetsmuseet i Bologna.[2]

Krateret Manzolini på planeten Venus er kalla opp etter Anna Morandi Manzolini.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Susanna Falabella, «MANZOLINI, Giovanni», Dizionario Biografico degli Italiani, Istituto dell'Enciclopedia italiana Treccani. Oppgjeve av Italiensk Wikipedia.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Louise S. Grinstein, Carol A. Biermann, Rose K. Rose (red.), Women in the Biological Sciences: A Biobibliographic Sourcebook
  3. Anna Morandi Manzolini (1716-74), sciencemuseum.org.uk
  4. «Anna Morandi Manzolini's wax self-portrait», Himetop

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Anna Morandi Manzolini
  • Rebecca Messbarger: The Lady Anatomist: The Life and Work of Anna Morandi Manzolini (University of Chicago Press, 2010)