Hopp til innhald

Anna Muzytsjuk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anna Muzytsjuk

Statsborgarskap Ukraina
Fødd 28. februar 1990 (35 år)
Språk kroatisk, russisk, slovensk, engelsk, tysk, spansk
Medlem av Évry Grand Roque, OSG Baden-Baden, Q2229432
Anna Muzytsjuk på Commons

Anna Olehivna Muzytsjuk[a] (fødd 28. februar 1990 i Lviv) er ein ukrainsk sjakkspelar og stormeister. Ho er den fjerde kvinna i sjakkhistoria som har oppnådd ei FIDE-rating på minst 2600. Ho har vore rangert så høgt som nr. 197 i verda, og nr. 2 blant kvinner. Muzytsjuk er tre gongar verdsmeister i hurtig- og lynsjakk, etter å ha vunne verdsmeisterskapen i hurtigsjakk for kvinner i 2016 og verdsmeisterskapen i lynsjakk for kvinner i 2014 og 2016. I klassisk sjakk er beste plassering andre plass under verdsmeisterskapen for kvinner i 2017.

Muzytsjuk vaks opp i ein sjakkfamilie der den yngre systera hennar Marija også blei stormeister. Foreldra hennar jobbar som sjakktrenarar, og lærte ho spelet då ho var to år gammal. Ho etablerte seg raskt som eit vedunderbarn innan sjakk, og vann europameisterskapen for ungdom som seksåring i klassen for jenter under 8. Seinare vann ho også i klassane for jenter under 10, under 12 og under 14. Ho vann verdsmeisterskapen for ungdom i klassen for jenter under 16 og verdsmeisterskapen for juniorar i klassen for jenter under 20 år. Muzytsjuk fekk tittelen internasjonal meister i ein alder av 17 og stormeister-tittelen i ein alder av 21.

Frå 2004 til 2014 representerte Muzytsjuk Slovenia på grunn av konfliktar med det ukrainske sjakkforbundet. Ho vann ein individuell gullmedalje ved EM i lagsjakk for kvinner for Slovenia i 2011, og vann seinare ein individuell gullmedalje under Sjakk-OL for kvinner i 2016 etter at ho bytta representasjon tilbake til Ukraina. På det tidlegare arrangementet hadde ho ein av dei beste prestasjonane i karrieren med ein poengsum på 8,5 av 9 og ei rating på 2782, og oppnådde med det sin siste stormeisternorm. Saman med Susan Polgár og Magnus Carlsen er ho ein av tre spelarar som har vunne verdsmeisterskapen i hurtig- og lynsjakk samstundes, noko ho gjorde i 2016.

Muzytsjuk vekte brei mediemerksemd på slutten av 2017 då ho valde å boikotte verdsmeisterskapen i hurtig- og lynsjakk på grunn av avgjerda til FIDE om å halde arrangementa i Saudi-Arabia, på grunn av den diskriminerande politikken mot kvinner i landet.

Tidleg liv og bakgrunn

[endre | endre wikiteksten]

Anna Muzytsjuk blei fødd 28. februar 1990 i Lviv av foreldra Natalija og Oleh Muzytsjuk.[1][2] Ho vaks opp med systera Marija, som er to år yngre, i den nærliggjande mindre byen Stryj. Anna og Marija lærte båe å spele sjakk då dei var to år gamle av foreldra. Båe er profesjonelle sjakktrenarar som studerte ved Statsuniversitetet for idrett i Lviv og sidan har jobba og undervist ved skulen. Faren deira lærte dei opphavleg korleis brikkene rører seg i ein park, der det var eit stort sjakkbrett på bakken. Anna byrja å konkurrere i sjakk i ein alder av fem, og enda på andreplass i både skulesjakkturneringa og jentedivisjonen under 10 i Lviv regionale meisterskap. Då ho var ti år gammal, kunne ho vinne over båe foreldra. Då Anna var rundt 14 år gammal, hadde ho trent med Roman Kozelov i to år. Ho gjekk fortsatt på skulen ved Stryj Gymnasium på den tida, men slutta seinare å møte opp regelmessig. Rundt denne tida jobba ho også i ein kort periode med Orest Gritsak, ein ukrainsk stormeister som hadde trent den ukrainske toppspelaren Vasyl Ivantsjuk. Ho hadde ikkje hatt mange moglegheiter til å trene med stormeistrar på dette tidspunktet fordi familien hennar ikkje hadde råd til dette nivået av trening.[1][2][3][4]

Som 14-åring bytta Muzytsjuk forbund frå Ukraina til Slovenia på grunn av konfliktar ho hadde med det ukrainske sjakkforbundet. Eit av problema ho hadde var ikkje å bli sett på det ukrainske landslaget eller gitt moglegheita til å konkurrere i sjakk-OL for kvinner trass i at at ho vann den ukrainske meisterskapen i sjakk i en alder av 13. Omtrent samstundes tilbaud Boris Kutin, ein slovenar som var president for Den europeiske sjakkunionen, Muzytsjuk moglegheita til å representere Slovenia, noko ho takka ja til. Sjølv om ho spelte for Slovenia dei neste ti åra, var ho busett i Ukraina.[4][5][6]

Sjakkarriere

[endre | endre wikiteksten]

1996–2004: Seks gongar europameister for ungdom

[endre | endre wikiteksten]
Ukrainsk frimerke frå 2015 med Anna (til høgre) og Marija (til venstre) som barn

Muzytsjuk hadde ei lang rekkje med suksess ved EM i sjakk for ungdom, og vann medaljar i ni år på rad frå 1996 til 2004, inkludert seks gullmedaljar.[7] Ho vann i klassen for jenter under 8 i 1996, under 10 i 1998 og 2000,[8][9] under 12 i 2002,[10] og under 14 i 2003 og 2004.[11][12] Ho vann tre sølvmedaljar i turneringa, to i klassen for jenter under 10 i 1997 og 1999 bak høvesvise Nana Dzagnidze og Silvia-Raluca Sgîrcea,[13][14] og ein i klassen for jenter under 12 år i 2001 bak Iozefina Păuleţ.[15] På nasjonalt nivå vann Muzytsjuk dei ukrainske ungdoms- og juniormeisterskapane for jenter tre gongar, ein gong kvar på under-10-nivå i 2000, under-12-nivå i 2002, og under-20-nivå i 2004.[2] Mellom dei to siste medaljane var ho den samla nasjonale meisteren for kvinner i 2003.[16] Internasjonalt tok Muzytsjuk også medalje i jentedivisjonane i Ungdoms-VM i sjakk, og kapra ein bronsemedalje på under 10-nivå i 2000 bak Tan Zhongyi og Harika Dronavalli,[17] i tillegg til to sølvmedaljar, ein i under-12-nivået i 2002 bak Tan og ein annan på under-14-nivået i 2004 bak Dronavalli.[18][19]

Muzytsjuk fekk titlane kvinneleg FIDE-meister i 2001 og kvinneleg internasjonal meister i 2002.[20] Ho fekk si fyrste FIDE-rating på 2197 i juli 2001 i ein alder av 11.[21] Ho deltok først i europameisterskapen i sjakk i 2002 som 12-åring, og fullførte med ein jamn poengsum i sine tre fyrste deltakingar fram til 2004.[22][23][24] Hennar deltaking i 2003, i tillegg til ein delt fyrsteplass i den 17 rundar lange Lviv's Hopes-turneringa seinare same år, bidrog til at Muzytsjuk nådde ei rating på 2300 innan oktober 2003.[21][25][26] Ho oppnådde også eit tilstrekkeleg tal normar ved desse to turneringane, og blei formelt tildelt tittelen Kvinneleg stormeister i 2004.[20][27] I slutten av juni 2004 bytta Muzytsjuk forbund til Slovenia.[28] Hennar gull i Ungdoms-EM i 2004 og sølvmedaljar frå Ungdoms-VM var blant hennar tidlegaste triumfar med Slovenia.[29][30]

2005–2010: Verdsmeister for ungdom og junior, internasjonal meister

[endre | endre wikiteksten]
Muzytsjuk i 2009

Etter sine mange sigrar i ungdoms-EM vann Muzytsjuk endeleg ein gullmedalje i ungdoms-VM i 2005 i klassen for jenter under 16 år. Ho enda klart fyrst med ei poengsum på 9 av 11,[b] og spelte remis mot Dronavalli i siste runde før ho sikra seg sigeren.[31] Ho hadde deretter ei betydeleg auking i rating mot slutten av året, og nådde ei rating på 2400 i januar 2006.[32] Denne aukinga kom hovudsakeleg frå gode prestasjonar ved Instalplast-turneringa i Lviv der ho hadde ein poengsum på 5½/8 mot høgare rangerte motstandarar, og i den slovenske kvinneligaen der ho hadde ein dominerande poengsum på 8/9.[33]

Etter å ha oppnådd ei rating på 2400 fekk Muzytsjuk alle normar ho trengte for tittelen Internasjonal meister i 2006 og 2007, derav dei to fyrste som ein dobbel norm ved sjakk-OL i 2006 for kvinner i Torino og den siste i den serbiske kvinneligaen.[34] Ho blei tildelt tittelen Internasjonal meister i 2007.[35][36] Eit av hennar andre beste resultat i klassisk sjakk i løpet av desse åra var i 2006 ved europameisterskapen i sjakk for kvinner, der ho scora 7,5 av 11 poeng og enda på en delt tredjeplass.[37] I 2007 vann Muzytsjuk europameisterskapen i lynsjakk for kvinner, og enda på andreplass i europameisterskapen i hurtigsjakk for kvinner.[38]

Muzytsjuk deltok fyrst i verdsmeisterskapen i sjakk for kvinner i utslagsturneringa i 2008. Som den 11. best plasserte av 64 deltakarar, vann ho fyrste runde mot Marija Veltsjeva før ho blei slått av Dronavalli i andre runde i tiebreak i hurtigsjakk.[39] I løpet av dei neste to åra nådde Muzytsjuk fyrst ei rating på 2500 og fekk deretter sine to fyrste stormeisternormar. Den fyrste var ein norm på sju kampar i European Club Cup for kvinner i 2008. Den andre var ein full ni-rundars norm ved InventiChess round robin-turneringa i 2009, der ho hadde ein jamn poengsum mot motstandarar som hadde ei mykje høgare gjennomsnittleg rating på 2618, deriblant seks stormeisterar med rating på over 2600. Under sistnemnde turnering vann ho over David Howell, ein stormeister med rating på 2624.[40][41] Ho kom nær ein annan stormeisternorm i gruppe B ved Corus-sjakkturneringa i Wijk aan Zee i 2010, men nådde berre ei rating på 2580 i kraft av å score 5½/13 mot motstandarar med ei gjennomsnittleg rating på 2637. Sjølv om ho ikkje fekk fullført normen, var ho den einaste spelaren som vann over vinnaren av turneringa Anish Giri.[42][43] Den sumaren hadde Muzytsjuk sin største triumf for året ved å vinne Junior-VM i sjakk for jenter under 20 i Chotowa i Polen, og enda på ein klar fyrsteplass med ein poengsum på 11 av 13.[44][45] Ho avslutta 2010-sesongen med å nå den tredje runden av verdsmeisterskapen i sjakk for kvinner, der ho blei slått ut av Ju Wenjun.[46]

2011–2012: Stormeistertittel som 21-åring, 2600 rating

[endre | endre wikiteksten]

Muzytsjuk fullførte kriteria for stormeistertittelen i 2011 med sin tredje og fjerde stormeisternorm.[47][48] Ho fekk sin tredje norm i opningsarrangementet av FIDE Grand Prix for kvinner 2011–12 i Rostov med ein poengsum på 5,5 av 9, og mangla berre så vidt ein norm over dei heile 11 kampane som ville vore nok for å nå minimumskravet over 27 kampar.[49] Ho nådde derimot dette med sin fjerde stormeisternorm under EM i lagsjakk der ho scora ein nesten perfekt score på 8,5 av 9 poeng, der 6,5 av 7 var mot sine sju høgaste rangerte motstandarar kvalifiserte ho til å fullføre normen. Muzytsjuk fekk med det stormeistertittelen i ein alder av 21 år.[50] Med denne prestasjonen steig også ratinga hennar til 2580.[51]

Muzytsjuk fortsette å utmerke seg i 2012, og nådde i løpet at året si beste rating på 2606. Ho oppnådde også sitt beste resultat ved europameisterskapen og scora 8,5 av 11 poeng og kapra seg til ein bronsemedalje. Ho hadde ei moglegheit til å vinne turneringa med remis i siste runde, men tapte mot Valentina Gunina. Som eit resultat av dette enda ho på delt fyrsteplass og tapte mot Gunina og Tatjana Kosintseva i tiebreak.[52][53] Muzytsjuk fortsette å prestere bra i Grand Prix og enda på delt fyrsteplass med Koneru Humpy under Kazan-turneringa. Under turneringa blei ho den fjerde kvinna i verda som nådde ei rating på 2600 etter Judit Polgár, Koneru og Hou Yifan.[54][55][56] Etter turneringa nådde ho si beste rangering som nr. 197 i verda i august og blei også den nest høgaste rangerte kvinna for fyrste gong, berre bak Polgár.[57] Likevel enda Muzytsjuk på tredjeplass i den endelige rangeringa for den samla Grand Prix-en, bak Koneru og vinnaren Hou, og mista med det retten til å utfordre i verdsmeisterskapen for kvinner.[58][59] Seinare på året deltok Muzytsjuk i «ACP Golden Classic»-turneringa i Amsterdam som følgde eit uvanleg format der spel blei utsett dersom dei ikkje blei fullførte i løpet av 40 trekk.[c] Ho avslutta med en jamn poengsum, og slo blant anna Krishnan Sasikiran, ein stormeister med 2707 i ratingpoeng på den tida.[60][61] Mot slutten av året var Muzytsjuk plassert som tredje beste i verdsmeisterskapen i sjakk for kvinner, men rauk ut i andre runde mot den 30. beste plasserte og den endelige vinnaren Anna Usjenina i tiebreak med hurtigsjakk.[62][63]

2013–2016: Verdsmeister i hurtig- og lynsjakk

[endre | endre wikiteksten]
Muzytsjuk med prisvinnarane ved den ukrainske meisterskapen for kvinner i 2014, der ho gjorde comeback-opptreden

Muzytsjuk enda igjen i topplasseringa under FIDE Grand Prix for kvinner 2013–14, men vann ingen av dei og enda til slutt på fjerdeplass i den samla stillinga.[64] Ho oppnådde eit betre resultat under Tata Steel Challengers-turneringa i Wijk aan Zee i 2014, der ho kom på fjerdeplass med ein poengsum på 8 av 13, tilsvarande ei rating på 2666.[65] Med denne prestasjonen steig ratinga hennar tilbake til 2583. Etter turneringa fall ratinga hennar tilbake til rundt 2550 og ville ikkje nå 2570 igjen før i 2017.[66] Sjølv om prestasjonane hennar i klassisk sjakk var i ein mild nedgang, hadde Muzytsjuk gode resultat i lynsjakk, og vann verdsmeisterskapen i lynsjakk for kvinner i april. Ho vann turneringa overlegent, og enda med 23 av 30 poeng, heile 2,5 poeng føre Dzagnidze som hamna på andreplass.[67][68] Meisterskapen brakte lyn-ratinga hennar til den beste så langt i karrieren på 2665.[21] Ho enda også på delt tredjeplass ved det føregåande verdsmeisterskapen for kvinner i hurtigsjakk.[69] VM-sigeren i lynsjakk var hennar siste store triumf med Slovenia. I mai 2014 bytta Muzytsjuk forbund tilbake til heimlandet Ukraina.[70] Ho uttala at det at systera hennar fortsette å spele for Ukraina, så vel som den nye forbundspresidenten Viktor Kapustin var årsaker til at ho kom tilbake.[71] Mot slutten av året deltok ho i den ukrainske meisterskapen for kvinner for fyrste gong sidan ho var meister i 2003 og vann turneringa.[72][73]

Muzytsjuk var mindre aktiv i 2015. Eit av høgdepunkta det året var verdsmeisterskapen for kvinner der ho hadde sitt beste resultat til no. Ho kvalifiserte seg til kvartfinalen og slo ut Amina Mezioud, Aleksandra Gorjatsjkina og Lela Javakhishvili utan noko tiebreak før ho blei slått ut av Pia Cramling i det andre settet med tiebreaks i hurtigsjakk.[74] Turneringa blei til slutt vunnen av systera Marija, som ho blei igjen for å støtte.[75]

Tidleg i 2016 vann Muzytsjuk fyrstepremien for kvinner under Gibraltar Chess Festival med ein poengsum på 7 av 10, tilsvarande ei rating på 2677.[76] I løpet av turneringa vann ho over to stormeistrar rangert over 2600, Salem Saleh og Laurent Fressinet, der sistnemnde hadde rating på 2700 og er den einaste spelaren ho har slått i eit klassifisert klassisk spel med ei rating på minst 2700.[77][78][79] Mot slutten av 2016 vann Muzytsjuk både verdsmeisterskapen i hurtigsjakk for kvinner og verdsmeisterskapen i lynsjakk for kvinner i Doha, og forsvarte dimed også sistnemnde av desse to titlane frå 2014. Ho blei den tredje spelaren som vann båe arrangementa i same år etter Susan Polgár i 1992 og Magnus Carlsen i 2014.[4] Ho vann hurtigsjakk-turneringen med eit helt poeng over Aleksandra Kostenjuk og lynsjakk-turneringa med eit halvt poeng føre Valentina Gunina og Jekaterina Lagno.[80][81]

2017–2018: 2. plass i VM

[endre | endre wikiteksten]

Muzytsjuk var nær ved å vinne verdsmeisterskapen i sjakk for kvinner i 2017 i Teheran, der ho enda på andreplass bak Tan Zhongyi. Ho nådde finalen uten å trenge tiebreak, og slo blant andre Alina Kasjlinskaja, Antoaneta Stefanova og Aleksandra Kostenjuk. I motsetnad til dei andre kampane, som var best-av-to i klassisk sjakk, blei den siste kampen mot Tan spelt som best-av-fire i klassisk sjakk. Etter at Muzytsjuk tapte det andre partiet med svart, vann ho det tredje partiet med kvit, og sende kampen til tiebreak då dei to andre partia enda med remis. Tan vann det andre partiet i hurtigsjakk-tiebreaka, og Muzytsjuk hamna dimed på andreplass.[82][83]

Mot slutten av 2017 fekk Muzytsjuk stor mediemerksemd for si avgjerd om å boikotte VM i hurtig- og lynsjakk i Saudi-Arabia og gav avkall på moglegheita til å forsvare båe VM-titlane sine. Årsaka for boikotten var restriksjonane Saudi-Arabia hadde mot kvinner, blant anna dei som var knytte til kvinnekled og forbodet mot at kvinner ikkje kan gå ute utan å vere i følgje med ein mann.[84][85][86] Ho nekta å delta trass i at turneringa hadde en premiepott fem gongar høgare enn turneringa føre. Ho kommenterte:

« Om nokre dagar kjem eg til å miste to verdsmeistertitlar – ein etter ein. Berre fordi eg bestemte meg for ikkje å reise til Saudi-Arabia. For å ikkje spele etter noko andre sine reglar, for å ikkje ha abaya, for å ikkje bli følgd for å kome ut, og i det heile tatt for å ikkje føle meg som ei sekundær skapning. For nøyaktig eit år sidan vann jeg desse to titlane, og eg var omtrent den lykkelegaste personen i sjakkverda, men denne gongen føler eg meg virkeleg dårlig. Eg er klar for å stå opp for mine prinsipp og hoppe over arrangementet, der eg på fem dagar kunne forvente å tene meir enn eg geør på eit dusin arrangement til saman. Alt det er irriterande, men det mest opprørande er at nesten ingen eigentleg bryr seg. Det er ei virkeleg bitter kjensle, og framleis ikkje den som endrar mi meining og mine prinsipp. Det same gjeld systera mi Marija – og eg er veldig glad for at vi deler dette synspunktet.[87][88] »

Hennar kunngjering av dei føregåande kommentarane på Facebook blei delte over 74 000 gongar og mottok over 165 000 reaksjonar, hovudsakleg til støtte for fråsegnene hennar. Avgjersla hennar blei også påverka av kjenslene hennar om allereie å ha konkurrert ved verdsmeisterskapen for kvinner i Iran tidlegare på året, der det var liknande restriksjonar på klede som kravde at kvinner bar hovudtørkle. Etter den opplevinga ønskte ho ikkje å delta i turneringa i Saudi-Arabia fordi ho såg på deltakinga som å støtte for eit samfunn som har diskriminerande politikk mot kvinner.[89] Året etter i 2018 skulle Saudi-Arabia etter planen vere vertskap for turneringa igjen, men den blei flytta til Russland mindre enn ein månad i forvegen, hovudsakleg på grunn av ei eige sak med israelske spelarar som blei nekta visum for å konkurrere.[90] Muzytsjuk kom tilbake til turneringa og klarte seg betre i hurtigsjakk enn i lynsjakk, og enda på fjerdeplass.[91][92]

For andre verdsmeisterskap på rad møtte Muzytsjuk Stefanova og Kostenjuk i back-to-back-rundar. Sjølv om ho nok ein gong slo Stefanova, tapte ho mot Kostenjuk i kvartfinalen i tiebreak med hurtigsjakk.[93]

2019–: To kandidatturneringar

[endre | endre wikiteksten]
Muzytsjuk (til høgre) snakkar med Tania Sachdev under Gibraltar Chess Festival i 2020.

Etter verdsmeisterskapen i 2018 bytta verdsmeisterskapen for kvinner til eit kampformat der den regjerande meisteren skulle forsvare tittelen sin mot vinnaren av ei kandidatturnering med åtte spelarar, der den fyrste blei arrangert i 2019. Muzytsjuk var ein av spelarane som kvalifiserte seg til kandidatturneringa.[94] Sjølv om ho hadde ei sterk avslutning, klarte ho ikkje å overvinne ein treig start der ho tapte to av dei tre fyrste partia mot Nana Dzagnidze og Tan Zhongyi, og sluttresultatet hennar på 8 av 14 rakk berre til ein andreplass.[95][96][97] Mot slutten av 2019 vann Muzytsjuk ein tredje medalje ved verdsmeisterskapen i lynsjakk i 2019, og sikra seg sølvmedaljen eit halvt poeng bak Jekaterina Lagno. [98]

Muzytsjuk deltok i Gibraltar Chess Festival i 2020. Sjølv om ho ikkje vann i kvinneklassen, blei ho tildelt prisen for overordna briljanse for turneringa for sitt siste parti mot Ori Kobo], ein israelsk stormeister.[99] Under FIDE Grand Prix for kvinner 2019–2021 blei formatet endra for å få dei tre beste spelarane til å kvalifisere seg til neste kandidatturnering i 2022 i staden for at berre ein spelar kvalifiserer seg til ein verdsmeisterskapskamp. Men Muzytsjuk vann ingen av dei turneringane og klarte ikkje å sikre seg ein av desse plassane.[100] Ho var fortsatt i stand til å kvalifisere seg til kandidatturneringa ved å nå semifinalen i den fyrste verdsmeisterskapen for kvinner i 2021, ei turnering som erstatta utslagsarrangementa i verdsmeisterskapen. Ho slo blant anna Elisabeth Pähtz og Nana Dzagnidze før ho tapte mot Aleksandra Gorjatsjkina i nest siste runde.[101] Sjølv om ho også tapte kampen om tredjeplassen mot Tan Zhongyi, sikra ho seg ein av dei tre kandidatplassane som blei tildelt, i kraft av at Gorjatsjkina allereie hadde kvalifisert seg under den forrige verdsmeisterskapen.[102][103] Muzytsjuk avslutta året på VM i hurtig- og lynsjakk. Ho enda blant dei 15 beste i båe turneringane, men var ikkje i kamp om medalje i dei siste rundane.[104][105]

Lagkonkurransar

[endre | endre wikiteksten]

Muzytsjuk representerte Slovenia ved toppborda under fem påfølgjande sjakk-OL for kvinner frå 2004 til 2012.[106] Det beste resultatet til Slovenia kom under sjakk-OL i Torino i 2006, der dei enda på 9. plass.[107] Laget scora 16 poeng (+7,–4,=2)[d], og Muzytsjuk scora individuelt 8/11.[108] Ana Srebrnič og Jana Krivec var på høvesvise andre og tredje bord, medan Ksenija Novak var reserve.[109] Det beste individuelle resultatet til Muzytsjuk kom under sjakk-OL 2010 i Khanty-Mansijsk, der ho scora 8 av 11 poeng og enda på ein femteplass på toppbrettet med ei rating på 2547, 26 poeng under bronsemedaljevinnaren Hou Yifan.[110][111]

Muzytsjuk klarte seg betre for Slovenia under EM i lagsjakk for kvinner som ho deltok på i 2005 til 2011. Slovenia enda på topp ti tre gongar i desse fire turneringane, inkludert i 2007 i Iráklio då dei kom på 6. plass av 30 lag. Totalt scora laget 12 poeng (+5–2=2). Krivec, Srebrnič og Vesna Rožič var i dei nedre borda det året, medan [Indira Bajt var reserve.[112][113][114] Det beste resultatet til Muzytsjuk var i 2011 i Porto Carras då ho sikra seg ein individuell gullmedalje med ein nesten perfekt poengsum på 8,5 av 9, tilsvarande ei rating på 2782, 150 poeng føre Lagno som vann sølvmedaljen.[115][116] Denne prestasjonen gav også Muzytsjuk den siste stormeisternormen ho trengte for å oppnå stormeistertittelen.[117]

Muzytsjuk mottek sin individuelle gullmedalje ved sjakk-OL for kvinner i 2016 i Baku.

Etter at ho bytta forbund tilbake til Ukraina har Muzytsjuk spelt under tre sjakk-OL for kvinner, og laget hennar har tatt medaljar i alle.[118] Under sjakk-OL 2014 i Tromsø spelte ho på toppbrettet framfor systera Marija, Natalja Zjukova og Anna Usjenina på dei nedre bretta, i tillegg til Inna Gaponenko på reservebrettet. Ukraina tok bronsemedaljen med 18 poeng (+8–1=2), bak Russland som hadde 20 poeng og Kina som også hadde 18 poeng. Ukraina var det einaste laget som slo Russland, men tapte mot det lågare rangerte laget til Serbia.[119][120] Med dei same spelarane vann Ukraina igjen bronse under sjakk-OL 2016 i Baku. Dei enda med 17 poeng (+7–1=3), bak Kina som hadde 20 poeng og Polen som også hadde 17 poeng. Det einaste tapet til Ukraina var mot vinnarane Kina. Individuelt vann Muzytsjuk gullmedaljen på toppbrettet, som ikkje tapte eit einaste parti, med eit resultat på 7,5 av 10 og ei rating på 2629, føre Hou Yifan.[121][122][123][124][125] Under sjakk-OL 2018 i Batumi hadde Ukraina igjen det same laget, bortsett frå at dei bytta inn Julija Osmak på reservebrettet. Dei delte topprangeringa med Kina med 18 poeng (+7–0=4), men enda opp med sølvmedaljen etter tiebreak-rundane. Muzytsjuk oppnådde ingen individuell medalje, og enda på fjerdeplass på toppbrettet.[126][127]

Muzytsjuk har representert Ukraina ved to europeiske lagsmeisterskap for kvinner, og laget hennar har tatt medaljar i båe.[128] Ho spelte på andre brett i 2015 i Reykjavík då Ukraina vann sølvmedaljen med ein score på 15 poeng (+7–1=1). Dei spelte remis mot Russland og tapte mot bronsemedaljevinnarane Georgia.[129][130] Muzytsjuk spelte igjen på toppbordet i 2017 i Khersónisos. Ukraina scora 13 poeng (+6–2=1) og vann bronsemedaljen bak dei to laga som slo dei, Russland og Georgia. Muzytsjuk vann ein individuell sølvmedalje med ein poengsum på 6,5 av 9 og ei rating på 262, bak Aleksandra Kostenjuk.[131][132][133]

European Chess Club Cup

[endre | endre wikiteksten]

Muzytsjuk har delteke i European Chess Club Cup for kvinner sidan 2006. Ho starta med å spele for AVS Krasnoturinsk, og vann bronse- og sølvmedaljar med laget i sine to deltakingar, i tillegg til eit individuelt sølv i si fyrste deltaking. Ho bytta til ŠK T-Com Podgorica i 2008 og deretter Ekonomist SGSEU Saratov, og vann ein lagbronse og eit individuelt sølv. Frå 2010 til 2018 spelte Muzytsjuk for CE de Monte Carlo, og vann fem laggullmedaljar og fire individuelle gullmedaljar.[134][135] Lagkameratane hennar på CE de Monte Carlo inkluderte regelmessig Hou Yifan, Koneru Humpy og Pia Cramling.[136] I 2019 bytta Muzytsjuk klubb til Kyiv Chess Federation. Ho vann både lag- og individuelle sølvmedaljar i 2019 og deretter både lag- og individuelle bronsemedaljar i 2021.[137][138]

Muzytsjuk har ein veldig sterk preferanse for 1.e4 (Kongebondeopning) med dei kvite brikkene. Sjølv om det er sjeldant brukt, er det nest hyppigaste typiske fyrste trekket hennar med kvit 1.f4 (Birds opning).[139] Ho forsvarar vanlegvis mot 1.e4 med Siciliansk (1.e4 c5) og forsvarar vanlegvis mot 1.d4 med Hollandsk (1.d4 f5).[140] Muzytsjuk har skildra spelestilen sin som lik den til Fabiano Caruana ved at dei båe fokuserer på å førebu opningar og er gode på posisjonssjakk. Ho ser på seg sjølv som ein aktiv spelar.[141]

Muzytsjuk og tidlegare verdsmeister Viswanathan Anand var kommentatorar under 2021-VM-kampen mellom Magnus Carlsen og Jan Nepomnjasjtsjij. Muzytsjuk erstatta Almira Skripchenko, som ikkje var i stand til å delta.[142]

Muzytsjuk har eit godt vennskapsforhold til systera si, sjølv om dei ser på kvarandre som svært forskjellige personlegdommar. Anna tenker på seg sjølv som rolegare og føretrekker å tilbringe tid med familien og einsame aktivitetar som å lese eller sjå på film, i motsetnad til Marija som er meir uttrykksfull og liker å shoppe og gjere ting utanfor heimen.[4][143] Alle dei klassiske kampane deira mot kvarandre har endt i remis, men Anna har dei einaste to sigrane dei imellom i lynsjakk.[144]

Prisar og utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]
  • Fyrstinne Olgas orden (3. klasse) [145]
  1. ukrainsk Анн́а Оле́гівна Музичу́к; slovensk: Ana Muzičuk
  2. 9 poeng i 11 parti. (Ein siger er 1 poeng, remis er ½ poeng, og eit tap er 0 poeng.)
  3. Dette formatet med utsetjinga hadde lenge blitt forlaten i sjakk, delvis på grunn av evnene til datamaskinar til å analysere pågåande spel.
  4. 7 sigrar, 4 tap og 2 remis
  1. 1,0 1,1 «Interviewwith Anna Muzychuk». Arkivert frå originalen 6. mars 2016. Henta 24. november 2021. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Meetthe Muzychuk sisters». Arkivert frå originalen 1. desember 2017. Henta 24. november 2021. 
  3. Schulz, André. «Aninterview with Anna Muzychuk». Arkivert frå originalen 24. november 2021. Henta 24. november 2021. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Muzychuk Sisters | World of Sports. Henta 25. november 2021. 
  5. «AnnaMuzychuk». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  6. «FromSlovenia to Ukraine». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  7. «Meet the Muzychuk sisters». Arkivert frå originalen 1. desember 2017. Henta 24. november 2021. 
  8. «European Youth Chess Championship 1998 Girls-U10». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  9. «1998 Jugend-Europameisterschaft U10 Mädchen». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  10. Crowther, Mark. «European Youth Championships». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  11. «2003 European Youth Championship Girls - U14». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  12. «2004 European Girls Under 14 Chess Championship». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  13. «1997C.to Europeo U10 femminile». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  14. Crowther, Mark. «European Youth Championships». Arkivert frå originalen 22. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  15. «2001 Jugend-Europameisterschaft U12 Mädchen». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  16. «UkrChamp. Women». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  17. Crowther, Mark. «World Youth Championships Oropesa del Mar». Arkivert frå originalen 19. oktober 2021. Henta 25. november 2021. 
  18. Crowther, Mark. «WorldYouth Chess Championships». Arkivert frå originalen 7. oktober 2021. Henta 25. november 2021. 
  19. «World Youth Chess Championships 2004 Girls U14 under the auspices of FIDE, Greek Chess Federation and OAA Heraklio Chess Club». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  20. 20,0 20,1 «Anna Muzychuk». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  21. 21,0 21,1 21,2 «AnnaMuzychuk Rating Progress Chart». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  22. «3rd European Individual Women"s Chess Championship Varna, Bulgaria». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  23. «4thEuropean Individual Women"s Chess Championship». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  24. «5thEuropean Individual Women's Chess Championship». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  25. «AnnaMuzychuk Standard Ratings July 2003». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  26. «Lviv'sHopes – 7». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  27. «TitleApplications: 74th FIDE Congress, Halkidiki, Greece, 2003 – Woman Grandmaster (WGM)». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  28. «Transfersin 2004». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  29. «2004European Girls Under 14 Chess Championship». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  30. «WorldYouth Chess Championships 2004 Girls U14 under the auspices of FIDE, Greek Chess Federation and OAA Heraklio Chess Club». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  31. «WorldYouth Chess Championship 2005 G16 Belfort, France». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  32. «Anna Muzychuk Rating Progress Chart». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  33. «AnnaMuzychuk Standard Ratings January 2006». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  34. «Serbian League 2007 for women». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  35. «Anna Muzychuk». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  36. «TitleApplications: 78th FIDE Congress, 11-16 November, 2007, Antalya, Turkey – International Master (IM)». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  37. «7th European Individual Women's Chess Championship 2006». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  38. Partac, Elena. «Viktorija Cmilyte wins European Women's Rapid Championship». Arkivert frå originalen 25. mai 2015. Henta 10. oktober 2021. 
  39. «Anna Muzychuk Standard Ratings October 2008». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  40. «Anna Muzychuk Standard Ratings November 2009». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  41. «Title Applications: 1st quarter Presidential Board 2012, 3-6 February, Al Ain, UAE – Grandmaster (GM)». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  42. Crowther, Mark. «72nd Corus Wijk aan Zee 2010». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  43. «Anna Muzychuk Standard Ratings March 2010». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  44. «World Junior Chess Championships 2010». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  45. «World Junior and Girls Chess Championships – Chotowa, Czarna 2010». Arkivert frå originalen 21. mai 2012. Henta 25. november 2021. 
  46. «Anna Muzychuk Standard Ratings January 2011». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  47. «TitleApplications: 1st quarter Presidential Board 2012, 3-6 February, Al Ain, UAE – Grandmaster (GM)». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  48. «Grandmaster Title Application» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 22. desember 2021. Henta 25. november 2021. 
  49. Emmett, Ryan. «Hou Yifan Wins Rostov Grand Prix». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  50. «Anna Muzychuk Standard Ratings January 2012». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  51. «Anna Muzychuk Rating Progress Chart». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  52. «Gaziantep: Muzychuk falters, Gunina wins EIWCC title». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  53. «2012European Individual Women's Chess Championship». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  54. «Kazan GP R11: Humpy, Muzychuk share first at Women's GP». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  55. Karlovich, Anastasiya. «Winnersof the 4th Stage of WGP!». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  56. «ParticipatingPlayers: Season II». Arkivert frå originalen 5. januar 2022. Henta 5. januar 2022. 
  57. «DownloadFRL». Arkivert frå originalen 5. august 2012. Henta 24. november 2021. 
  58. McClain, DylanLoeb. «Women's Champion Cements Her Status at Grand Prix». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  59. Emmett, Ryan. «Humpy Koneru Wins Ankara Grand Prix». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  60. Silver, Albert. «ACP Golden Classic – Tournament for the nostalgic». Arkivert frå originalen 28. oktober 2017. Henta 21. januar 2016. 
  61. «Ivanchukwins ACP Golden Classic; Giri is Dutch champion». Arkivert frå originalen 18. januar 2017. Henta 21. januar 2016. 
  62. McClain, DylanLoeb. «Top Seeds Make Early Exits at Women's Title Event». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  63. «AnnaMuzychuk Standard Ratings January 2013». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  64. «Harikawins bronze». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  65. Crowther, Mark. «76thTata Steel Tournament 2014». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  66. «AnnaMuzychuk Rating Progress Chart». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  67. «AnnaMuzychuk is Women's World Blitz Champion». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  68. «Anna Muzychuk: "Finally my efforts were rewarded"». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  69. «Title: Kateryna Lagno crowned Women's World Rapid Champion». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  70. «Transfersin 2014». Arkivert frå originalen 22. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  71. «Muzychuk Anna on Her Return to Ukrainian Federation and Maidan». Arkivert frå originalen 1. desember 2017. Henta 25. november 2021. 
  72. «AnnaMuzychuk». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  73. «UkraineWomen's Final - 2014». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  74. Doggers, Peter. «Cramling, M. Muzychuk, Pogonina Reach Semi-Finals In Sochi». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  75. Doggers, Peter. «Mariya Muzychuk Wins Women's World Championship». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  76. Doggers, Peter. «Nakamura Beats MVL In Playoff, Keeps Gibraltar Title». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  77. «Tradewise Gibraltar Chess Festival 2016 - Masters». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  78. «Anna Muzychuk Chess Games: White». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  79. «Anna Muzychuk Chess Games: Black». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  80. Fischer, Johannes. «Vassily Ivanchuk is new World Champion in Rapid Chess». Arkivert frå originalen 29. desember 2016. Henta 25. november 2021. 
  81. Fischer, Johannes. «Sergey Karjakin is World Blitz Champion 2016». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  82. Houska, Jovanka. «And The Winner Is... Women's World Champion Tan Zhongyi». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  83. «Anna Muzychuk Standard Ratings April 2017». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  84. deHaldevang, Max. «Aworld chess champion's stand against Saudi Arabia's misogyny will cost her two titles». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  85. Ellis-Petersen, Hannah. «Chesschampion to miss Saudi Arabia tournament over women's rights». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  86. Doggers, Peter. «FIDECriticized For Hosting World Rapid, Blitz In Saudi Arabia». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  87. Muzychuk, Anna, «Ina few days I am going to lose two World Champion titles...», Facebook, arkivert frå originalen 11. juni 2020, henta 26. desember 2017 
  88. Bieler, Des (28. desember 2017). «Chess champion refuses to defend titles in Saudi Arabia to protest treatment of women». Washington Post. Arkivert frå originalen 13 September 2018. Henta 5 January 2022. 
  89. Decisions that change your life | Anna Muzychuk | TEDxAmposta. Henta 25. november 2021. 
  90. Gladstone, Rick. «SaudisDisqualified from Hosting Chess Match After Israelis Complain». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  91. «KingSalman World Rapid Championship 2018 Women». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  92. «KingSalman World Blitz Championship 2018 Women». Arkivert frå originalen 13. januar 2022. Henta 12. januar 2022. 
  93. «Anna Muzychuk Standard Ratings December 2018». Arkivert frå originalen 26. november 2021. Henta 26. november 2021. 
  94. «Rulesfor the FIDE Women's Candidates Tournament 2019» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 23. november 2018. Henta 26. november 2021. 
  95. Pereira, Antonio. «Women's Candidates: The Muzychuk sisters end on a high note». Arkivert frå originalen 26. november 2021. Henta 26. november 2021. 
  96. Houska, Jovanka. «GoryachkinaWins Women's Candidates' Ahead Of Anna Muzychuk». Arkivert frå originalen 26. november 2021. Henta 26. november 2021. 
  97. «Anna Muzychuk Standard Ratings July 2019». Arkivert frå originalen 26. november 2021. Henta 26. november 2021. 
  98. «WorldBlitz Championships: Magnus grabs the triple crown!». Arkivert frå originalen 26. november 2021. Henta 26. november 2021. 
  99. Saunders, John. «2020Gibraltar Masters - Round 10». Arkivert frå originalen 26. november 2021. Henta 26. november 2021. 
  100. «Standings». Arkivert frå originalen 26. november 2021. Henta 26. november 2021. 
  101. Doggers, Peter. «FIDE World Cup R6.3: Karjakin, Goryachkina, Kosteniuk Through». Arkivert frå originalen 26. november 2021. Henta 26. november 2021. 
  102. McGourty, Colin. «FIDEWorld Cup 7.3: Duda takes down Carlsen». Arkivert frå originalen 26. november 2021. Henta 26. november 2021. 
  103. «Regulationsfor the FIDE Women's World Cup 2021» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 22. januar 2021. Henta 26. november 2021. 
  104. «FIDEWorld Rapid Chess Championship 2021 - Women». Arkivert frå originalen 1. januar 2022. Henta 12. januar 2022. 
  105. «WorldBlitz Chess Championship 2021 - Women». Arkivert frå originalen 1. januar 2022. Henta 1. januar 2022. 
  106. «Anna Muzychuk Women's Chess Olympiads». Arkivert frå originalen 26. november 2021. Henta 26. november 2021. 
  107. «37th Chess Olympiad (women): Turin 2006 – Team statistics». Arkivert frå originalen 26. november 2021. Henta 26. november 2021. 
  108. «Title Applications: 78th FIDE Congress, 11-16 November, 2007, Antalya, Turkey – International Master (IM)». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  109. «37th Chess Olympiad (women): Turin 2006 –Slovenia». Arkivert frå originalen 15. juli 2021. Henta 26. november 2021. 
  110. «39th Chess Olympiad (women): Khanty-Mansiysk 2010 – Slovenia». Arkivert frå originalen 9. november 2021. Henta 26. november 2021. 
  111. «39th Chess Olympiad (women): Khanty-Mansiysk 2010 – Individual Statistics». Arkivert frå originalen 26. november 2021. Henta 26. november 2021. 
  112. «Anna Muzychuk European Team Chess Championships». Arkivert frå originalen 26. november 2021. Henta 26. november 2021. 
  113. «7thEuropean Team Chess Championship (women): Heraklion 2007 – Slovenia». Arkivert frå originalen 9. november 2021. Henta 26. november 2021. 
  114. «7th European Team Chess Championship (women): Heraklion 2007 – Team Statistics». Arkivert frå originalen 26. november 2021. Henta 26. november 2021. 
  115. «9th European Team Chess Championship (women): Porto Carras 2011 – Slovenia». Arkivert frå originalen 9. november 2021. Henta 26. november 2021. 
  116. «9thEuropean Team Chess Championship (women): Porto Carras 2011 – Individual Statistics». Arkivert frå originalen 26. november 2021. Henta 26. november 2021. 
  117. «TitleApplications: 1st quarter Presidential Board 2012, 3-6 February, Al Ain, UAE – Grandmaster (GM)». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  118. «AnnaMuzychuk Women's Chess Olympiads». Arkivert frå originalen 26. november 2021. Henta 26. november 2021. 
  119. «41st Chess Olympiad (women): Tromsø 2014 – Ukraine». Arkivert frå originalen 26. november 2021. Henta 26. november 2021. 
  120. «41stChess Olympiad (women): Tromsø 2014 – Team Statistics». Arkivert frå originalen 9. september 2019. Henta 26. november 2021. 
  121. «41stChess Olympiad (women): Baku 2016 – Ukraine». Arkivert frå originalen 26. november 2021. Henta 26. november 2021. 
  122. «42ndChess Olympiad (women): Baku 2016 – Individual Statistics». Arkivert frå originalen 26. november 2021. Henta 26. november 2021. 
  123. «42ndChess Olympiad (women): Baku 2016 – Team Statistics». Arkivert frå originalen 26. november 2021. Henta 26. november 2021. 
  124. Doggers, Peter. «Chess Olympiad 2016: USA Wins 1st Olympic Gold In 40 Years; China Takes Women's Section». Arkivert frå originalen 26. november 2021. Henta 26. november 2021. 
  125. Silver, Albert. «2016 Baku Rd11: US wins historic gold! China wins Women's». Arkivert frå originalen 26. november 2021. Henta 26. november 2021. 
  126. «43rd Olympiad Batumi 2018 Women». Arkivert frå originalen 26. november 2021. Henta 26. november 2021. 
  127. Klein, Mike. «Chess Olympiad 2018: China Wins Double Gold». Arkivert frå originalen 19. oktober 2020. Henta 26. november 2021. 
  128. «Anna Muzychuk European Team Chess Championships». Arkivert frå originalen 26. november 2021. Henta 26. november 2021. 
  129. «11th European Team Chess Championship (women): Reykjavik 2015 – Ukraine». Arkivert frå originalen 26. november 2021. Henta 26. november 2021. 
  130. «11thEuropean Team Chess Championship (women): Reykjavik 2015 – Team Statistics». Arkivert frå originalen 26. november 2021. Henta 26. november 2021. 
  131. «12thEuropean Team Chess Championship (women): Hersonissos 2017 – Ukraine». Arkivert frå originalen 10. september 2018. Henta 26. november 2021. 
  132. «12thEuropean Team Chess Championship (women): Hersonissos 2017 – Individual Statistics». Arkivert frå originalen 10. september 2018. Henta 26. november 2021. 
  133. «12thEuropean Team Chess Championship (women): Hersonissos 2017 – Team Statistics». Arkivert frå originalen 26. november 2021. Henta 26. november 2021. 
  134. «AnnaMuzychuk European Women's Chess Club Cup». Arkivert frå originalen 26. november 2021. Henta 26. november 2021. 
  135. «23rdEuropean Women Club Cup». Arkivert frå originalen 26. november 2021. Henta 26. november 2021. 
  136. «CEde Monte Carlo Individual Record». Arkivert frå originalen 26. november 2021. Henta 26. november 2021. 
  137. «24th European Women Club Cup». Arkivert frå originalen 26. november 2021. Henta 26. november 2021. 
  138. «25th European Women's Chess Club Cup 2021». Arkivert frå originalen 26. november 2021. Henta 26. november 2021. 
  139. «Anna Muzychuk with the White Pieces». Arkivert frå originalen 26. november 2021. Henta 26. november 2021. 
  140. «Anna Muzychuk». Arkivert frå originalen 19. oktober 2021. Henta 26. november 2021. 
  141. «GMAnna Muzychuk's (Ukraine) lecture, 1.5.2020 – Q&A Session» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 26. november 2021. Henta 26. november 2021. 
  142. Saravanan, Venkatachalam. «WorldChess Championship – the Arena». Arkivert frå originalen 4. desember 2021. Henta 5. desember 2021. 
  143. «AnnaMuzychuk». Arkivert frå originalen 25. november 2021. Henta 25. november 2021. 
  144. «AnnaMuzychuk versus Mariya Muzychuk». Arkivert frå originalen 5. januar 2022. Henta 5. januar 2022. 
  145. «Провідзначення державними нагородами України з нагоди Міжнародного жіночого дня».