Anna Odine Strøm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anna Odine Strøm


Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. april 1998 (25 år)
Alta
Idrett skihopping
Tok del i

Vinter-OL for ungdom 2016, Vinter-OL 2022, Europalekene 2023

Anna Odine Strøm (fødd 17. april 1998) er ein norsk skihoppar frå Alta, medlem i Alta Idrettsforening. Ho sikra seg to bronsemedaljar under Ski-VM 2019, begge i lagtevlingar.

Strøm tok steget opp mot verdstoppen i skihopping for kvinner i 2019-sesongen. Ho vart som best nummer 2 og 3 i verdscuprenn. Under verdsmeisterskapen 2019 i Seefeld in Tirol deltok ho på det det norske kvinnelaget som vann bronsemedaljen i lagtevlinga. Dei andre på laget var Ingebjørg Bråten, Silje Opseth og Maren Lundby. Fire dagar seinare fekk Strøm ein ny bronsemedalje, då i mikstevlinga i lag med Lundby, Robert Johansson og Andreas Stjernen. I den individuelle tevlinga vart Strøm nummer 9.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]