Anna Ottosson
Anna Ottosson | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 18. mai 1976 (46 år) Östersund |
Idrett | alpint |
Tok del i |
Vinter-OL 2006, Vinter-OL 1998, Vinter-OL 2002, Alpint under Vinter-OL 2006 – Storslalåm kvinner |
Anna Helene Ottosson Blixth (fødd 18. mai 1976) er ein svensk tidlegare alpin skirennar frå Östersund som vann OL-sølv i storslalåm i 2006, samt VM-sølv med Sveriges seksmannslag i 2007.
Aktiv[endre | endre wikiteksten]
Ottosson var, særleg i sesongane 1998-2000, ei av dei beste kvinnene i verda i storslalåm. Hennar einaste siger i eit verdscuprenn kom 23. januar 2002 i Cortina d'Ampezzo i nettopp storslalåm. I alt oppnådde ho seks pallplasseringar i verdscupen, fem av dei i storslalåm, samt ein andreplass i slalåm.
Frå 1998 til 2007 var Ottosson aldri dårlegare enn nummer tolv i si beste øving i dei store meisterskapane i perioden. Men det var fyrst under Vinter-OL 2006 i Torino ho kunne hente ein medalje etter ei tevling. Her vart ho nummer tre i storslalåm.
I VM i alpine greiner 2007 i Åre var Ottosson med på det svenske laget som vann sølv i lagkonkurransen. Som einaste svenske vann ho sitt renn, heat 1 av slalåmheata. Ho deltok også i super-G, heat 3, der ho hadde fjerde beste tid. Ved sesongslutt la ho opp.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Sportsboken, aktuelle årgangar
- Denne artikkelen bygger på «Anna Ottosson» frå Wikipedia på svensk, den 2. januar 2015.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- «Anna Ottosson». olympedia.org. Henta 23. januar 2023.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1976
- Svenske alpinistar
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sverige
- Svenske deltakarar under vinter-OL 1998
- Alpinistar under vinter-OL 1998
- Svenske deltakarar under vinter-OL 2002
- Alpinistar under vinter-OL 2002
- Medaljevinnarar under vinter-OL 2006
- Svenske deltakarar under vinter-OL 2006
- Alpinistar under vinter-OL 2006