Anna Roggløy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Anna Roggløy er ei diktsamling som Peter Karl Eberg Pedersen gav ut på Nils Lunds Forlag i Kristiania i 1881. Diktaren brukte signaturen Eberg.

I denne diktsyklusen fortel Eberg segna om Anna Roggløy. Anna har mange friarar, men alle får nei, utanom John frå Grasholmane. Ein annan av friarane, Ivar, kan ikkje tole at John får ja. Ivar drep John og tar Anna med seg og rømmer til øya Rolla der han lever fredlaus i lang tid, først i eige hus i Hallevika, seinare i ei hole som blir kalla «Omnen». I denne hola drep Anna ein mann som kjem ho for nær, og da Ivar og Anna blir tatt, blir begge dømde for drap. Både Ivar og Anna må bøte med livet, og dei blir halshogde på Steglholmen.

Anna Roggløy fekk god mottaking i avisene. Nordlands Folkeblad skreiv:

Anna Roggløy er det første arbeide, den unge forfatter fremlægger for almenheden, og denne debut vidner om et umiskjendeligt talent og giver løfte, om at nærværende sangkrans vil følges af fleire. Det valgte emne er vistnok mørkt og sorgtungt, men alligevel meget fængslende, og uagtet forfatteren har valgt den bundne verseform, er fremstillingen naturlig og jamn, bogen vil læses med Interesse, især at Nordlændinger.

Under Festspela i Nord-Noreg i Harstad i 1990 laga festspelkomponist Synne Skouen ”Balladen om Anna Roggløy” basert på Eberg sin diktsyklus. Hovudrollene blei spelt av Lars Klevstrand, Eivind Bøksle og Anitta Suikkari.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Anna Roggløy, Nils Lunds Forlag, Kristiania, 1881.
  • Nordlands Folkeblad, Mosjøen, no. 42, laurdag den 22de Oktober 1881, side 2
  • Harstad Tidende, Harstad, 22. juni, 23. juni , 27. og 29. juni 1990.