Anna Rogowska
| Anna Rogowska | |
| Statsborgarskap | Polen |
| Fødd | 21. mai 1981 (45 år) Gdynia |
| Yrke | stavhoppar, friidrettsutøvar |
| Språk | polsk |
| Høgd | 171 centimeter |
| Nettstad | http://anna-rogowska.com/ |
| Anna Rogowska på Commons | |
Anna Rogowska (fødd 21. mai 1981) er ein polsk tidlegare friidrettsutøvar frå Gdynia som tevla i stavhopp. Ho vart verdsmeister i øvinga i 2009, fem år etter ho tok bronsemedaljen under Sommar-OL 2004.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Rogowska hoppa seg opp i verdseliten i stavhopp i 2004-sesongen. Ho forbetra sitt personbeste til 4,71 meter då ho midt i juli sigra ved eit GP-stemne i Thessaloniki, 24 centimeter høgre enn hennar fjorårs-beste. Under dei olympiske leikane i Aten fem veker seinare svinga ho seg over 4,70 m og sikra seg bronsemedaljen, dei russiske utøvarane Jelena Isinbajeva og Svetlana Feofanova klarte høvesvis 4,91 m og 4,75 m og vann gull og sølv. Over ein tremånaders-periode sommaren i 2005, flytta Rogowska sin personlege rekord fem gongar, frå 4,76 m i slutten av mai i Gdansk til livsbeste 4,83 m utandørs i slutten av august i Brussel. Under verdsmeisterskapen 2005 lukkast ho derimot ikkje, stoppa med 4,35 m.
Etter å ha prestert på eit litt lågare nivå i 2007-08, viste Rogowska betre form i 2009. Den 1. august tok ho seg over 4,80 meter og vart polsk meister i Bydgoszcz. Under VM-finalen 17. august i Berlin var ho den einaste som lukkast på 4,75 m, landskvinna Monika Pyrek og Chelsea Johnson frå USA fekk begge sølv med 4,65 m. 6. mars 2011 svinga Rogowska seg over 4,85 meter ved hall-EM i Paris og vann stavhopp-tevlinga, 10 cm over Silke Spiegelburg frå Tyskland.
Rogowska la opp i 2014.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- EM 2002 i München: Nr 7 – 4,30 m
- VM 2003 i Paris: Nr 7 – 4,45 m
- OL 2004 i Aten: Bronsemedalje – 4,70 m
- VM 2005 i Helsinki: Nr 6 – 4,35 m
- VM 2007 i Osaka: Nr 8 – 4,60 m
- OL 2008 i Beijing: Nr 10 – 4,45 m
- VM 2009 i Berlin: Gullmedalje – 4,75 m (nr 2 – 4,65 m)
- VM 2011 i Daegu: Nr 10 – 4,55 m
- OL 2012 i London: -
- VM 2013 i Moskva: -
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Anna Rogowska» frå Wikipedia på tysk, den 29. september 2014.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1981
- Polske stavhopparar
- Verdsmeistrar i friidrett for Polen
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Polen
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2004
- Polske deltakarar under sommar-OL 2004
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004
- Polske deltakarar under sommar-OL 2008
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008
- Polske deltakarar under sommar-OL 2012
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012