Anna Skeide

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Anna Skeide (12. juni 191013. november 1980) var ein norsk lyrikar som var fødd i Ørsta.

Far hennar var bøkkar og fiskar Peder Paulsen, og mor hennar var Ragnhild Brekke. Familien Paulsen flytta til Ålesund i 1925 etter konkurs grunna jobbetida. Då tok Anna seg ymse jobbar. Lengst var ho på meieriet. Ho gjekk eitt år på ungdomsskulen og tok nokre kortare kurs, men utover det hadde ho inga utdanning. Som 23-åring gifta Anna Paulsen seg med lærar Theodor Skeide og tok namnet Anna Skeide. Etter nokre få år i Herøy kommune, flytta familien i 1939 til Humla, ei øy i Borgundfjorden.

Anna Skeide gramde seg over at ho kom så seint i gang med lyrikken, men hovudgrunnen var truleg den andre verdskrigen. Ho debuterte i 1957 med Ro bort din båt over vatnet – alle dei tre første diktsamlingane hennar hadde titlar som var knytte til sjøen. «Eg har alltid følt ei dragning til havet, sjølv om eg ikkje voks opp ved havkanten, var det noko undrande over denne fjordarmen ved barndomsheimen min i Ørsta. Sjøen låg aldri i ro, der var alltid eit drag av løynde krefter som eg vanskeleg kunne fatte,» har ho sagt. Dagbladet skreiv om den første diktsamlinga at: «Noreg må ta imot Anna Skeide med glede. Det er ikkje kvar dag det stig fram ein så myndig og overtydande debutant.»

Kathrin Papst, som i ein periode budde i huset til Anna, har skrive dette:

Å få en enkel beskrivelse av hva slags menneske Anna Skeide var er nesten umulig. På en måte var hun nesten alt. Hun var veldig snill mot andre, men kunne også være sint og rasende. Hun var morsom, glad og lykkelig, men også trist og ettertenksom. Hun var et menneske som skrev alle følelsene sine. Diktene gjenspeiler livsglede og medfølelse, angst og deprimerte tanker. De er så forskjellige som den mangesidige personligheten hennes.

Den danske kritikaren Poul Borum kalle Anna Skeide «et mægtigt lyrisk talent, med myndighed og en hemmelighedsfuldhet som få». Dette gjorde henne meir populær i det norske litterære miljøet og auka interessa for dikta hennar. Dikta er stillfarande i tonen, og har ofte motiv frå naturen og kjærleiken. Nokre av dei inneheld også kritikk og kommentarar til samfunn og samtid.

Til liks med andre lyrikarar var Anna Skeide sitt mål å nå fram til menneske, få dei til å forstå og dele tankane hennar. Like før Anna Skeide døydde hausten 1980, hadde ho levert manuskriptet til ei ny diktsamling, den tiande frå hennar hand. Dei siste samordningane med forlaget måtte dottera, Randi Skeide Gjessing ta seg av. Samlinga fekk tittelen Timen før natt. Ho skreiv også songar til ulike høve, og vart ofte spurd om å skrive bryllaupssongar.

Anna Skeide døydde på Humla 13. november 1980.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Ro bort din båt over vatnet (1957)
  • Båredrag (1959)
  • Sov stilt min sjø (1961)
  • Treet og lyset (1964)
  • Blå time (1967)
  • Mellom natt og draum (1969)
  • Tredje strengen (1972)
  • Dansen går vidare (1974)
  • Eld skriv med skuggar (1977)
  • Dikt i utval (1980, ved Ove Bakken)
  • Timen før natt (1981)

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Anna Skeide - lyrikaren frå Strandgata i Ørsta» av Kåre Dag Madsen i Møre-Nytt (30.12.2006).
  • «Anna Skeide» i Allkunne, innhenta 29. desember 2009.