Anna Steineger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anna Steineger
FøddAnna Norman
28. november 1852
Bergen
Død24. mai 1914 (61 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkeskribent, lærar, politikar, kvinnesaksforkjemper
EktefelleLeonhard Hess Stejneger
MedlemNorsk Kvinnesaksforening

Anna Steineger (28. november 185224. mai 1914)[1][2] var ein norsk skribent, lærar, politikar for Venstre, kvinnesaksforkjempar og foreiningskvinne.

Virke[endre | endre wikiteksten]

I 1884 vart Steineger tilsett ved Ulrike Pihls pikeskole i Bergen, som lærar i geografi og naturfag. I 1894 studerte ho, med offentleg stipend, naturfagundervising i Berlin og Paris, og er rekna som ein av pionerane for moderne undervising i naturfag i Bergen.[3] Ho engasjerte seg også for matservering til trengjande skulebarn.[4]

Steineger var medstiftar av Bergen Kvinnesaksforening i 1885 og var medlem av det fyrste styret.[5] Seinare vart ho styremedlem i Høiere skolers landslærerindeforening.[6] I 1892 vart ho innvald i styret i det nyopprettede Bergen Ligbrændingsselskab,[7] og i 1905 vart ho vald inn i Bergens fattigstyre.[8]

Steineger var representant i kommunestyret og suppleant i formannskapet i Bergen for Venstre i perioden 1902–1904,[9] og suppleant i kommunestyret frå 1904.

Steineger var blant bidragsytarane i kvinnesakstidsskriftet Nylænde.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Anna Steineger var dotter av oberstløytnant Rudolph Grip Norman og Charlotte Folkedal. Ho vart 30. oktober 1876 gift med vitskapsmannen Leonhard Hess Steineger, ein bror av kunstnaren Agnes Steineger. Ekteskapet vart oppløyst.[10]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sommerfeldt, W.P. (1954). Norske forfattere 1881-1920. Sverre Dahl. s. 132. 
  2. Bergen by, dødsfallsprotokoll nr. 9, 1910-1915, Dødsfall: 1914
  3. Nilsen, Halkild (1948). Henriette Meyers skole - Ulrike Pihls skole. [U. Pihls skole]. s. 29. 
  4. Hoprekstad, Olav (1960). Bergen folkeskule 1890-1911. Eide. s. 153. 
  5. Nylænde. Foreningen. 1887. s. 92. 
  6. Norske kvinder. Berg & Høgh. 1925. 
  7. Haugesunderen 1892.04.29. 1892. s. 2. 
  8. Arbeidet 1905.01.24. 1905. s. 1. 
  9. Bergens Aftenblad (Bergen: 1889-1942) 1902.01.02. 1902. s. 3. 
  10. Studenterne fra 1870. 1895. s. 175.