Hopp til innhald

Anna Syberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anna Syberg

Peter Hansen: Portræt af kunstnerens søster Anna, før 1928.
StatsborgarskapKongeriket Danmark
Fødd7. januar 1870
Faaborg
Død

4. juli 1914 (44 år)
København

Yrkekunstmålar
FarSyrak Hansen
EktefelleFritz Syberg
BornBesse Giersing, Hans Syberg, Franz Syberg, Ernst Syberg
Anna Syberg på Commons

Anna Louise Birgitte Syberg (7. januar 18704. juli 1914) var ein dansk kunstmålar som saman med mannen sin Fritz Syberg var ein del av fynmålarane. Ho er kjend for blomemåleria sine.

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

Syberg var dotter av målaren Syrak Hansen og Marie Birgitte Rasmussen og syster til Peter Hansen, som også var ein fynmålar. Ho fekk den fyrste opplæringa si av faren. Seinare blei ho utdanna i dekorasjonsmåleri, fyrst på Faaborg tekniske skule og i 1890 fekk ho undervisning av Ludvig Brandstrup og Karl Jensen i København.[1] Ho møtte den seinare ektefellen sin allereie som barn, då han var i arbeid som svein i føretaket til far hennar i Faaborg.[2]

Frå 1892 til 1894 var ho porselensmålar på Den Kongelige Porcelænsfabrik. På denne tida utvikla ho ein type lag-på-lag-teknikk som ho seinare kunne nytta til å laga akvarellar. Denne teknikken gjorde bileta hennar av plantar og blomar særs livfulle.[2]

Ho gifta seg med Fritz Syberg i 1894, og fekk til saman sju barn med han. I 1902 flytta paret til Kerteminde, der også målarane Alhed og Johannes Larsen budde.[2] I 1910 hadde ekteparet Syberg fått idéen til etableringen av Faaborg Museum, etter at Fritz Syberg hadde hatt eit ekstraordinært sal av verka sine, men Anna Syberg fikk aldri sin del av æren for etableringen av museet. I dokument frå innkjøpskomitéen til oppbygging av museet går det fram at mellomanna broren stemte i mot at ein skulle kjøpa inn verk av henne til samlinga.[2]

Ved Forhandlingerne ønskede Peter Hansen og Birkholm ført til Protokols, at de stemte imod Antagelsen af Fru A. Larsen og Frk. Christine Larsens Arbejder. Peter Hansen desuden imod Fru Syberg.[2]

Hendinga førte til ei bitter stemning mellom henne og broren, som meinte at «Anna Syberg og de andre Damer ingen Betydning havde for dansk Kunst». [2]

Syberg døydde 44 år gammal av ein galleblærebetændelse. Det yngste barnet hennar var då berre 8 månader gammalt.[2]

Utstillingar

[endre | endre wikiteksten]

Frå 1898 til 1910 og dessutan i 1913 stilte Syberg ut på Charlottenborg Forårsudstilling og i 1909 og 1913 også på Kunstnernes Efterårsudstilling. I 1912 var verka hennar med på Den Frie Udstilling.[1]

I 1915, året etter at ho døydde, heldt Den danske Kunstforening ei utstilling med fleire av verka hennar, og Faaborg Museum kjøpte seksten verk.[2]

  1. 1 2 «Anna Syberg» i Kunstindeks Danmark/Weilbachs Kunstnerleksikon
  2. 1 2 3 4 5 6 7 8 Meisl, Karin. «Anna Syberg». Dansk Kvindebiografisk Leksikon (på dansk). lex.dk. Henta 23. mai 2024.