Anna Tsjitsjerova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anna Tsjitsjerova


Verkeleg namn Анна Владимировна Чичерова
Statsborgarskap Russland
Fødd 22. juli 1982 (41 år)
Belaja Kalitva
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2004

Utmerkingar

Fedrelandets fortjenstordens medalje av 1. klasse, Venskapsordenen, Fedrelandets fortjenstordens medalje av 2. klasse

Anna Vladimirovna Tsjitsjerova (fødd 22. juli 1982 i Jerevan) er ein russisk friidrettsutøvar som tevlar i høgdehopp. Ho tok medalje i øvinga i samtlege seks friidretts-VM og sommar-OL i tida 2007-13, og vart verdsmeister i 2011 og olympisk meister i 2012.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Tsjitsjerova deltok i sin fyrste store høgdefinale i VM i friidrett 2003 i Paris der ho vart nummer seks med 1,95 m. Same plasseringa fekk ho under OL 2004, medan ho kom på fjerdeplass i friidretts-VM 2005 i Helsingfors.

I 2007 vann Tsjitsjerova si fyrste store internasjonale medalje då ho under verdsmeisterskapen i Osaka svinga seg over 2,03 m og fekk sølv, delt med Antonietta Di Martino frå Italia, medan kroatiske Blanka Vlašić sigra med 2,05 m. Også under Sommar-OL 2008 i Beijing klarde Tsjitsjerova 2,03 m, men her vart det bronse ettersom belgiske Tia Hellebaut og Vlašić tok gull og sølv med 2,05 m. Til liks med førre VM tok Vlašić gull og Tsjitsjerova sølv ved friidretts-VM 2009 i Berlin, på ny skilde det to cm; 2,04 m mot 2,02 m.

Tjitsjrova sette personleg rekord med 2,07 m på 29-årsdagen under den russiske meisterskapen. I verdsmeisterskapen 2011 i Daegu kniva Vlašić og Tsjitsjerova nok ein gong om gullmedaljen. Begge tok seg over 2,03 m, men ingen over neste høgde. Dermed vart Tsjitsjerova verdsmeister då ho ikkje hadde riv i tevlinga før på 2,05 m, Vlašić måtte ha to forsøk både på 2 m og 2,03 m. Under sommarleikane i London 2012 var Tsjitsjerova den einaste som svinga seg over 2,05 m.

Tsjitsjerova stoppa med 1,97 m ved VM i friidrett 2013 i Moskva. Ho fekk likevel med seg ein bronsemedalje, saman med Ruth Beitia frå Spania. Landskvinna Svetlana Sjkolina sette personleg rekord med 2,03 m og vart verdsmeister.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]