Anna Wisborg Blix

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anna Wisborg Blix
Fødd1985 (39 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkejournalist, skribent, biolog
VervRedaktør for RadiOrakel 2006-2007
FøregangarThea Klingenberg
EtterfylgjarHeidi Røneid

Anna Wisborg Blix (fødd 1985) er ein norsk biolog, journalist, politikar for Raudt og forfattar.

Blix har ein mastergrad i biologi frå Universitetet i Oslo og vann Masterstipendet 2012 hos Akademika forlag for ei masteroppgåve i økologi.[1] Ho har fagansvar for «sau og geit» i Store norske leksikon.[2] Ho jobba som politisk rådgjevar i Sabima[3] frå 2013 til 2017, der ho jobba med kulturlandskap. I februar 2018 gav Manifest forlag ut den første boka hennar, En hyllest til sauen. Fortellinga om det lille dyret som bygde landet.[4]

Ho vart vald inn som kommunestyrerepresentant for Raud Valallianse i Hammerfest i 2003, og har vore organisasjonssekretær og sentralstyremedlem i Raud Ungdom og førstesekretær for bystyregruppa til Raudt Oslo. Ved stortingsvalet 2009 var Blix førstekandidat for Raudt i Finnmark. Frå og med 2018 var ho politisk rådgjevar i stortingsekretariatet til Raudt.[5]

Blix var redaktør for RadiOrakel frå 2006 til 2007.[6] Ho dreiv i 2021 med forskningsformidling og har blant anna bidrege i radioprogrammet Ekko, og bidrege jamleg til spaltene «Forskningsfronten» i Morgenbladet[7] og «Naturligvis» i Klassekampen.

Publikasjonar[endre | endre wikiteksten]

  • En hyllest til sauen. Fortellinga om det lille dyret som bygde landet, 2018, ISBN 9788283420524

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Anna Blix er vinner av Masterstipendet 2012». Arkivert frå originalen 2. oktober 2013. Henta 27. september 2013. 
  2. Anna Blix - Bidragsytere
  3. «Ny rådgiver i SABIMA» (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 17. april 2016. 
  4. «En hyllest til sauen. Fortellinga om det lille dyret som bygde landet» (på norsk). Arkivert frå originalen 9. januar 2018. Henta 8. januar 2018. 
  5. «Rødts nye stortingssekretariat» (på norsk bokmål). Henta 2. januar 2018. 
  6. http://www.finnmarkdagblad.no/kultur/article2131282.ece
  7. http://morgenbladet.no/forfatter/anna_blix