Anna av Kleve

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anna av Kleve
AnneCleves.jpg
Fødd22. september 1515
Düsseldorf
Død16. juli 1557
London
TittelConsort of England
Alle titlarkongegemalinne, prinsesse
Hus eller slektHouse of La Marck
GravstadWestminster Abbey
LandTyskland
MorMaria av Jülich-Berg
FarJohn III, Duke of Cleves
EktefelleHenrik VIII av England
Anna av Kleve, miniatyr måla av Hans Holbein den yngre i 1539

Anna av Kleve (22. september 151516. juli 1557, på engelsk Anna of Cleves, også skrive Anne) var den nest eldste av dei tre døtrene til hertug Johann III av Dei sameinte hertugdømma Jülich-Kleve-Berg og Maria av Geldern. Ho var gift med den engelske kongen Henrik VIII, og var dermed den fyrste tyske dronninga av England. Av dei seks konene til Henrik VIII var ho den fjerde og den mest folkeleg populære. Ho overlevde både mannen sin og dei andre konene hans.

Barndom og ungdom[endre | endre wikiteksten]

Lite er kjent om dei tidlege åra til Anna. Ho voks opp i Schloss Burg i nærleiken av Düsseldorf under omsorga til mora si. Faren var tilhengar av Erasmus av Rotterdam og ein moderat reformasjonskurs. Han stod nær Schmalkalden-forbundet, og var dermed i opposisjon til den katolske keisaren Karl V. Anna og dei to systrene hennar Amalie og Sibylle fekk ei gammaldags oppseding, med meir vekt på huslege syslar enn på framandspråk, song og musikk. Ved det vesle fyrstehoffet kledde ein seg heller ikkje etter italiensk mote, slik det var vanleg i adelege kretsar under renessansen. Allereie då Anna var ganske ung blei det skriv ein ekteskapskontrakt for henne med Franz I av Lothringen. Dette ekteskapet blei det ikkje noko av. Etter at faren døydde i februar 1539 overtok sonen hans, Vilhelm den rike, regjeringa i Jülich-Kleve-Berg. Han fortsette den politiske kursen til faren.

Ekteskap med Henrik VIII[endre | endre wikiteksten]

Leit etter koneemne i Europa[endre | endre wikiteksten]

Etter at den tredje kona hans Jane Seymour var død, blei kong Henrik VIII av England ramma av djup sorg. Det blei likevel lagt planar om eit nytt ekteskap for han. Seglbevararen til kongen, Thomas Cromwell, søkte etter ein sterk allianse og freista å arrangera eit politisk gjevande ekteskap for kongen. Han skreiv brev til engelske ambassadørar i heile Europa. Sidan Henrik hadde late den andre kona si avretta, var denne leitinga svært vanskeleg. Dessutan ville Henrik berre gå med på ekteskapet om brura var svært ven. Han lét derfor hoffmålaren sin Hans Holbein den yngre portrettera fleire ekteskapskandidatar. Favoritten hans var Christine av Danmark, eit barnebarn av keisar Karl V. Keisaren var derimot imot ekteskapet, sidan eit forbund med den franske erkefiende England kunne skada den tysk-romerske forholdet keisaren hadde til Frankrike. Christine, som foraktfullt skal ha ytra «hadde eg to halsar, hadde den eine stått kongen av England til disposisjon», var òg imot ekteskapet.

Til slutt fann Cromwell at Vilhelm den rike var ein mogleg alliansepartnar mot keisar Karl V og kong Frans I av Frankrike. Frå 1538 hadde Vilhelm herska i hertugdømet Geldern mot viljen til keisaren. Han kontrollerte dermed det største territoriet i Nord-Tyskland. Hans Holbein hadde òg portrettert dei to ugifte systrene hans, Anna og Amalie av Kleve (1517–1586). Henrik valde den nest eldste dottera, sidan han likte Holbein sitt portrett av Anna svært godt. I tillegg hadde dei engelske utsendingane til hertughoffet fortalt kongen om venleiken hennar. Den 6. oktober 1539 blei ekteskapskontrakten mellom dei underskriven.

Reisa til England[endre | endre wikiteksten]

Etter underskrivinga av ekteskapskontrakten freista ein å finna ein trygg måte å få Anna til London på. Det var stor risiko for at brura til kong Henrik skulle bli tatt til fange av ein motstandar undervegs. Henrik planla først ei rask sjøreise. Kleve-ambassadøren var imot ei sjøreise om vinteren. Derfor blei ein einige om ei reise til lands der reiseruta skulle gå til Calais og derfrå over Den engelske kanalen til Dover. Under reisa lærte Anna etikettereglane ved det engelske hoffet og dei viktigaste engelske kortspela. Engelske observatørar kalla klesdrakta og veremåten hennar «svært uvanlege». Etter ei vekelang reise kom Anna fram til Rochester. Kongen, som ikkje kunne sjå brura si raskt nok, drog for å møta henne. 1. januar 1540 besøkte han henne i palasset til biskopen av Rochester.

Første møte med Henrik[endre | endre wikiteksten]

Henrik VIII måla av Hans Holbein den yngre ca. 1537

Beretningar frå den spanske ambassadøren fortel om det fyrste møtet mellom Henrik og Anna av Kleve. Anna stod og såg på ein dyrekamp gjennom vindauget då kongen kom, med ytterklede på. Ho kjente han derfor ikkje att. Han gav henne ei gåve, som ho tok i imot, før ho vende merksemda mot dyrekampen att og ignorerte kongen. Han gjekk så ut og tok av ytterkleda før han kom inn igjen. Då kjente ho han igjen. Kongen skal ha vore svært skuffa, og meinte portrettet og utsendingane hadde overdrive venleiken hennar. Han fann klesdrakta hennar tung og landleg. Til Cromwell skal han ha sagt: «Eg kan ikkje sjå kva andre finn ved henne, og kan ikkje begripa kvifor så vise menn har sendt meg henne. Dei har sendt meg ein flamsk merr». Ein meir folkeleg variant av soga om dette fyrste møtet går ut på at han skal ha sett på henne, deretter sett bort og bedt om eit stort glas brandy. Henrik var no imot ekteskapet, og gav Cromwell ordre om å freista å finna ein måte å forhindra det på, gjennom å undersøka om ekteskapskontrakten med Frans I av Lothringen framleis var gyldig. Utsendingen hans sa at kontrakten var oppløyst for mange år sidan, og dette var dermed ingen utveg for kongen. Anna eidsvor sjølv på at ho ikkje var bunden til andre menn gjennom kontrakt.

Henrik måtte derfor gifta seg med Anna den 6. januar 1540.

Livet ved det engelske hoffet[endre | endre wikiteksten]

Namnetrekket til Anna: «Anna the daughter of Cleves»

Kongen brydde seg berre om Anna i dei første seks månadene av ekteskapet. Deretter erklærte han at «mannskrafta hans avskydde henne». Anna ignorerte råd frå hoffdamene sine. Hoffdamene var bekymra over misnøya til kongen. Anna trudde derimot at eit kyss var nok til å setja eit barn til verda.

Til hoffdamene skal ho ha sagt:

«Når kongen går til sengs, gjev han meg eit kyss, tar handa mi og ønsker meg god natt. Om morgonen kyssar han meg og seier på gjensyn. Er ikkje det nok?»

Medan Henrik og Anna framleis var gifte, innleidde Henrik ein lidenskapeleg utanomekteskapeleg affære med hoffdama Katarina Howard. Fiendskapen mellom Frans I og Karl V braut igjen ope ut, og dei politiske grunnane for ekteskapet var dermed ikkje til stades meir. Cromwell blei arrestert, og den 10. juni blei han sett i fengselet Tower of London. Anna blei send vekk frå hoffet, med påstanden om at dette skjedde for å verna henne mot pesta som hadde brote ut i London.

Skilsmisse og liv i England[endre | endre wikiteksten]

Mindre enn seks månader etter bryllaupet, den 9. juli 1540, lét Henrik ekteskapet bli erklært ugyldig. Som grunngjeving blei det oppgjeve at det gjaldt ein tidlegare ekteskapskontrakt mellom Anna og hertugen av Lothringen. Dessutan hevda Henrik at ekteskapet aldri var fullbyrda. Anna gav kongen ekteringen tilbake og erklærte seg innforstått med oppløysinga av ekteskapet. Ho bekrefta at ho og kongen aldri hadde hatt intim kontakt. Henrik var letta, og gav til gjengjeld Anna titlar og privilegium. Ho fekk Richmond Castle og Hever Castle, ein årleg sum på 2 600 pund, tittelen prinsesse av England og blei kalla «syster» av den tidlegare ektefellen sin. Anna budde resten av livet i England. Etter skilsmissa utvikla det seg eit vennskapeleg forhold mellom dei tidlegare ektefellane, og ho vitja ofte hoffet.

Thomas Cromwell blei skulda for høgforræderi og kjetteri. Han blei dømt til døden og avretta den 28. juli 1540. Bror til Anna, Vilhelm, hevda seg fram til 1543 mot Karl V, fram til han måtte avstå hertugdømmet Geldern til keisaren. Målaren Hans Holbein den yngre fall i unåde hjå kongen. Han fortsette som hoffmalar, men fekk ikkje lenger måla medlemmer av den kongelege familien.

To veker etter skilsmissa gifta kongen seg med Katarina Howard. Dette ekteskapet blei heller ikkje vellukka, og ho blei halshoggen den 13. februar 1542 skulda for eit tilhøve med kammertenaren sin.

Anna håpa ei kort tid at kongen ville venda seg til henne igjen. Desse vonene blei avviste av Cromwell sin etterfølgjar Stephen Gardiner.

Anna overlevde både Henrik og alle dei andre konene hans. Under Henrik sin etterfølgjar Edvard VI fekk ho problem, fordi han ikkje ville betala henne det Henrik hadde forplikta seg til. Men då Edvard døydde i ung alder og den tidlegare stedottera til Anna Maria kom på trona, betra situasjonen seg. Frå då av fekk Anna på nytt ei framtredande rolle ved hoffet, og denne posisjonen hadde ho livet ut. Ho viste seg offentleg siste gong då Maria steig opp på trona. Anna hadde status som tredje dame, etter Maria si syster Elisabeth, og reid ut etter den nye dronninga. Ho døydde den 28. juli 1557 av kreft. Då hadde ho konvertert til katolisismen. Anna blei bisett under ei kongeleg gravferd i Westminster Abbey i London. Holbein sitt portrett av Anna er eit av dei best kjende verka hans, og er i dag i Louvre i Paris.

Soga om «den flamske merra»[endre | endre wikiteksten]

Om Anna verkeleg var så heslig som Henrik VIII skal ha skildra henne, er i dag sterkt i tvil. Uttryket «den flamske merra» som skal ha blitt brukt om henne blei kanskje fyrst funne på seinare av Horace Walpole. Andre utsegner om Anna kan òg vera laga for å gjera ei rask skilsmisse mogleg.

Anna av Kleve på film og tv[endre | endre wikiteksten]

Elsa Lanchester spelte dronning Anna i filmen The Private Life of Henry VIII (1933), der Charles Laughton spelte Henrik VIII. I denne komedien har ein ei Anna som sjølv med vilje framstiller seg sjølv som lite attraktiv og som naiv, slik at Henrik skal få lyst til å skilja seg frå henne og ho dermed kan søka kjærleiken annanstad.

I BBC sin fjernsynsserie The Six Wives of Henry VIII frå 1970 var det Elvi Hale som spelte hovudrolla i den 90 minutt lange episoden om Anna. Keith Michell spelte Henrik VIII. I denne relativt historisk rette framstillinga kjem Anna til England full av ungdommeleg naivitet og frydefullt håp, men blir reint forskrekka når ho møter den tilkommande ektemannen sin. Ho gjer seg raskt til venns med den unge stedottera si prinsesse Elizabeth.

Jenny Bos spelte Anna i filmen Henry VIII and his Six Wives frå 1972. Catherine Siggins var Anna i David Starkey sin dokumentar om dei seks konene i 2001. I 2003 spelte Pia Girard Anna av Kleve i miniserien Henry VIII.

Joss Stone spelte Anna i TV-serien The Tudors frå 2009 til 2010.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Anna av Kleve