Anna von Gierke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anna von Gierke
Fødd14. mars 1874
Wrocław
Død3. april 1943 (69 år)
Statsborgar avDeutsches Reich
Yrkepolitikar, sosialarbeidar
FarOtto von Gierke
MedlemNasjonalforsamlingen i Weimar

Anna Ernestine Therese von Gierke (14. mars 18743. april 1943) var ein tysk sosialpedagog og politikar for DNVP. Ho var ein pioner i utviklinga av det såkalla hort-konseptet i Tyskland, ei velferdsordning for barnehage- og skulebarn, medan foreldra var på arbeid. Gierke deltok frå ho var 18 år gammal i leiinga av «Jugendheim», ein hort-institusjon i Berlin-Charlottenburg, og fekk seks år seinare totalansvaret for institusjonen.

Gierke tok initiativet til fagutdanning for personalet, og yrkestittelen Hortnerin ('hortsøster') blir tilskriven henne. Ho organiserte dessutan Deutscher Kinderhorte, ein landsdekkjande paraplyorganisasjonen for hort-institusjonene. Gierke hjelpte regjeringa med å auka talet hort-institusjoner under fyrste verdskrigen, då det vart behov for mødrene i krigsindustrien, og det ikkje fanst tilstrekkeleg med barnehagar eller omsorgstilbod etter skuletid.

I 1919 vart Gierke medlem av den forfatningsgjevande nasjonalforsamlinga i Tyskland. Ho vart ikkje attvald i 1920, fordi ho vart rekna som «ikkje-arisk». I 1933 mista ho alle stillingar og verv av same grunn. Gierke arbeidde deretter innanfor Vedkjenningskyrkja. Gjennom kyrkja og den private institusjonen sin på Finkenkrug, hjelpte ho mellom anna foreldrelause, mellom anna jødiske, barn, til å overleva dei nasjonalsosialistiske styresmaktene.

Gierke hadde kvinner som mål for arbeidet sitt, men gav sjølv uttrykk for at ho var sosialpolitikar, ikkje forkjempar for kvinnerettar. Arbeidet hennar for barn hadde ikkje først og fremst velferda til mødrene som mål, men verna om dei tradisjonelle familieverdiane.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Sosialpedagogisk seminar i 1924. Sitat Gierke: «Ungdomsarbeid fører til kvinnerørsle. Ungdomsarbeid treng kvinnerørsle.»[1]

Gierke vart fødd 14. mars 1874 i ein borgarleg heim i den dåverande tyske byen Breslau. Ho var den første i ein barneflokk på fem. Faren hennar Otto von Gierke var jusprofessor i Berlin, og mora hennar Lilli, fødd Loening, kom frå ein forleggjarfamilie og var av jødisk konfesjon. Mora dreiv frivillig arbeid for trengande i Berlin, og hadde gode kontaktar i det jødiske borgarskapet.[2][3]

Etter å ha avslutta skulegangen, arbeidde Gierke i Hedwig Heyls «Jugendheim» (Ungdomsheimen). Heyl laga velferdstiltak for barn i Berlin, mellom anna for barna til dei tilsette i fabrikken til mannen hennar. Gierke leidde jenteavdelinga i Jugendheim frå 1892. Ho var frå 1898 til 1933 leiar av heile organisasjonen, «Jugenheim e.V.». Gierke tok vidareutdanning samtidig som ho var i leiinga av institusjonen.[1][2]

Hort-konseptet[endre | endre wikiteksten]

Annonse for Verein Jugendheim Charlottenburg (Foreningen ungdomsheim Charlottenburg), ved leiaren Anna v. Gierke, i 1919. «Sozialpegagogische Seminar» (Det sosialpedagogiske seminar) skulle utdanna «hort-søstre» og kvinnelege ungdomsleiarar, med statleg eksamen. Det var òg påmelding til «Allgemeine Frauenschule» (alminneleg kvinneskule) med vekt på matlagingskurs, spebarnskurs og handarbeid.
Besøkjande og vertskap i feriekolonien Finkenkrug i 1928. Sitat frå Anna von Gierke til besøkjande jenteelevar i Finkenkrug i 1942: «Hjelp oss du, slik at rettferda igjen blir retningsgivande. Hjelp oss, slik at alle vil sjå på alle andre menneske som verdige, og at dei vil tru på det gode i mennesket.»[4]

Gierke følgde eit heilskapleg konsept for omsorga. Barna oppheldt seg i ein bygning på fleire etasjar, der barn i alle aldersgrupper fekk mat, hadde opphaldsrom og verkstader. Barna oppheldt seg der medan foreldra var på arbeid. Slik skapte Gierke eit konsept for ein «Hort», eit tysk ord for dagheim eller fritidsheim. I 1894 var det 120 barnehage- og «hort-barn» i Jugendheim.[1][2]

I 1907 bad magistraten i den då sjølvstendige byen Charlottenburg Gierke om å laga skulemåltid for trengande barn. Gierke sette som vilkår at lærarane i dei nye kommunale skulane skulle velja ut dei barna som skulle få måltida. Vidare kravde ho at lærarane skulle sørgja for betre kontakt mellom skule, sosialvesen, foreldre og hort.[1]

I 1911 oppretta ho i Jugendheim «Sozialpädagogische Seminar» (Det sosialpedagogiske seminar). Det var ei nemning som ei rekkje andre seminar straks òg brukte. Dette førte òg til skipinga av ei statsautorisert utdanning i Preussen, og som kunne føra til yrkestittelen «Hortnerin» (hortsøster). Tittelen blir rekna for å stamma frå Gerike. I 1912 deltok ho i etableringa av Verband für Schulkinderpflege (Forbundet for omsorg for skulebarn).[1][3][5]

Gierke organiserte hort-foreininger på landsbasis, og vart nestleiar i den landsdekkjande paraplyorganisasjonen for hort-institusjonene, Deutscher Kinderhorte. Frå 1914 reiste ho oppdrag frå det prøyssiske kultusministeriet rundt i alle Preussens regionar, og rapporterte tilbake til regjeringa om situasjonen til barna. Etter 1916 vart hort-konseptet utbygga vidare av styresmaktene. Behovet for daginstitusjonar for barn vart stort då det vart bruk for kvinner i krigsindustrien. Mødrene måtte då ha nokon til å ta seg av barna medan dei sjølv arbeidde. Etter etableringa av Kriegsamt, som var eit kontor for sivil administrasjon av forsvaret, var Gierke leiar av kommisjonen for barneomsorg.[1][5]

Under blokaden av tyske hamner under første verdskrigen, etablerte Gierke Charlottenburger Hausfrauenverein (Charlottenburg husmorforeining). Husmorforeininga arrangerte måltid for befolkninga og gav råd til unge husmødrer med låge inntekter.[1]

I januar 1919 vart Gierke vald som medlem av den forfatningsgjevande tyske nasjonalforsamlinga i Weimar. Ho representerte Potsdam, og var ein av dei mest profilerte kvinnelege representantane. Kvinneleg stemmerett var innført ved vallova frå 1918, og det vart vald 37 kvinner blant dei 423 riksdagsmedlemmene. Kvinnedelen på 9 % var blant dei største i noko parlament på den tida. Gierke vart som einaste kvinne i parlamentet leiar av ein komité, komiteen for befolkningsutvikling. Ho var òg medlem av sosialkomiteen. Likevel vart ho utestengd frå attval i 1920, med den grunngivinga at ho var av «ikkje-arisk» herkomst. Mora hennar var jødisk. Faren hennar Otto von Gierke, som hadde vore ein av grunnleggjarane av DNVP, gjekk ut av partiet i protest. Ho gjekk deretter òg sjølv ut av partiet, og prøvde å bli vald inn på ei rein kvinneliste, men lykkast ikkje.[1][6][7][8][9]

Arbeid i sivilsamfunnet[endre | endre wikiteksten]

Charlottenburg Gemeindehaus (samfunnshus) ligg på Gierkeplatz i Berlin.

Etter å ha gått ut av partipolitikken heldt ho fram arbeidet sitt i foreiningslivet. Ho grunnla i 1921 «Landjugendheim Finkenkrug», ein feriestad i landlege omgivnader for skulejenter, tilsette og barn. I 1923 grunnla ho tidsskriftet Soziale Arbeit (Sosialt arbeid). Ho grunnla i 1925 ei sosialforeining, forløparen til dagens (2021) Deutscher Paritätischer Wohlfahrtsverband (Det tyske paritetiske velferdsforbund). Med begripen paritet blir meint i denne samanhengen likeverd mellom menneska.[10] I 1932 vart ho leiar av Bund Deutscher Frauenvereine, forbundet for tyske kvinneforeiningar.[6]

Ved maktovertakinga til nasjonalsosialistane i 1933 vart ho i Jugendheim underlagt ein SA-mann som forretningsførar og ein SS-mann som pedagogisk leiar. Den 31. oktober 1933 mista ho alle verva og stillingane sine fordi ho var «ikkje-arisk». Pensjonen hennar vart heller ikkje utbetalt.[1][6]

Gierke engasjerte seg deretter i Vedkjenningskyrkja, og hjelpte gjennom denne forfølgde jødar. Kyrkja vart stifta i 1934 som eit alternativ til det nasjonalsosialistiske Dei tyske kristne. Ho levde av inntektene frå feriestaden for ungdommar i Finkenkrug, som ho dreiv saman med kollegaen og partnaren sin Isa Gruner. Der dreiv ho ein barnehage og dessutan dagsenter for kyrkjelege samankomstar. I eitt av husa på Finkenkrug var ein barneheim, der foreldrelause barn, mellom dei jødiske barn, vart verna mot og overlevde det nasjonalsosialistiske regimet. I huset hennar i Carmerstrasse 12 i Berlin-Charlottenberg vanka det mellom anna politisk forfølgde og opposisjonelle som Martin Niemöller, Hermann Maas, Marie Baum, og ekteparet Elly Heuss-Knapp og Theodor Heuss[1][2]

Gierke stod i utgangspunktet fjernt frå den organiserte kvinnerørsla. Ho hadde kvinner som mål for arbeidet sitt, og utdanna dei til likestilling med mannlege kollegaer. Ho representerte likevel eit konservativt syn på kvinner og familie, og gav sjølv uttrykk for å vera sosialpolitikar, ikkje forkjempar for kvinnrettar. Arbeidet hennar for barn hadde ikkje først og fremst velferda til mødrene som mål, men å verna om dei tradisjonelle familieverdiane. Ho gav uttrykk for ei målsetjing om at velferdsarbeidet i staten måtte overlatast til kvinnene, slik at det ho kalla «mødrer- og kvinnearbeidet» vart bestemd og leidd av kvinner på alle nivå.[1][11]

Ærestilvisingar[endre | endre wikiteksten]

Gierke er gravlagd på Kaiser Wilhelm Gedächtnis Friedhof i Fürstenbrunnerweg 69 i Berlin-Charlottenburg. Grava vart gjort til æresgrav Berlin i 1965. Etter døden hennar vart ei gate i Hamburg kalla Anna-von-Gierke-Ring i bydelen Bergedorf, og i 1950 kom Gierkeplatz i Charlottenburg i Berlin.[6][12]

Ho vert rekna av Arbeitsgemeinschaft Orte der Demokratiegeschichte å vera blant dei 100 viktigaste personar som i løpet av dei siste 200 år, har bidrege til danninga av demokratiet i Tyskland.[2]

Kjeldar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 «Digitales Deutsches Frauenarchiv». 2018. Henta 24. april 2021. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 «Anna von Gierke» (på engelsk). Henta 22. april 2021. 
  3. 3,0 3,1 «ANNA VON GIERKE STIFTUNG – Zur Förderung der Jugend» (på tysk). Henta 22. april 2021. 
  4. «ANNA VON GIERKE STIFTUNG – Zur Förderung der Jugend». 
  5. 5,0 5,1 «Verhandlungen des Deutschen Reichstags». Henta 24. april 2021. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 kaupertmedia. «Gierkeplatz 1-13 in Berlin - KAUPERTS» (på tysk). Henta 22. april 2021. 
  7. «Frauenwahllokal Die ersten Politikerinnen der Weimarer Nationalversammlung» (på tysk). 31. oktober 2018. Henta 24. april 2021. 
  8. mdr.de. «Weimar und die 37 Frauen | MDR.DE» (på tysk). Henta 2. mai 2021. 
  9. «Deutscher Bundestag - 100 Jahre Frauenwahlrecht: 19 + 1 Künstlerinnen» (på tysk). Henta 3. mai 2021. 
  10. «Grundsätze der Verbandspolitik des Paritätischen» (på tysk). Henta 23. april 2021. 
  11. «Jugendwohlfahrtsarbeit führt zur Frauenbewegung. Jugendwohlfahrtsarbeit braucht Frauenbewegung». Digitales Deutsches Frauenarchiv. Henta 3. mai 2021. 
  12. «Ehrengrabstätten / Land Berlin». Henta 2. mai 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Anna von Gierke