Annapurna III

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Annapurna III
Annapurna III og Gangapurna sett frå Thorong Phedi.

Annapurna III og Gangapurna sett frå Thorong Phedi.

Høgd over havet 7 555 m
Område Nepal
Fjellområde Annapurna Himal, Himalaya
Dominans 13,4 km → Annapurna II
Skardhøgd 703 mfd2
Koordinatar 28° 35′ 7″ N, 83° 59′ 24″ AKoordinatar: 28° 35′ 7″ N, 83° 59′ 24″ A
Annapurna III (Nepal)
Annapurna III
Førsteklatring Mohan Singh Kohli, Sonam Gyatso og Sonam Girmi, 6. mai 1961
Normalrute Nordaustveggen
Annapurna III frå nordaust.

Annapurna III frå nordaust.

Annapurna III (nepali: अन्नपूर्ण Annapūrṇa) er eit 7 555 m høgt fjell i fjellmassivet Annapurna Himal, Himalaya i Nepal og det 42. høgste fjellet på jorda.

Annapurna III er ein sentral topp på Annapurna Himal sin hovudkam, aust for hovudtoppen Annapurna I. I nordvestleg retning, på andre sida av eit 6 892 m høgt skard, ligg Gangapurna (7 455 m).

Etter å ha mislukkast på den første indiske Mount Everest-klatringa, vedtok Indian Mountaineering Foundation i 1961 å støtte tre ekspedisjonar. Ein av desse hadde som mål å klatre Annapurna III frå Manang over nordaustveggen og 6. mai 1961 lukkast dei med å få klatrarane Mohan Singh Kohli, Sonam Gyatso, og Sonam Girmi på toppen.[1]

I 1970 klatra eit japansk lag med kvinnelege klatrarar toppen. Dette var første gongen eit reint kvinnelag klatra eit av jordas høgste fjell.[2]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Günter Hauser: Eisgipfel und Goldpagoden. Expedition ins Königreich Nepal. Bruckmann, München 1966.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Annapurna III-ekspedisjonen 1961, himalayanclub.org. Henta 8. juli 2012.
  2. History, womenclimbing.com. Henta 8. juli 2012.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


Teksten er basert på artikkelen Annapurna III frå Wikipedia på tysk slik den var 8. juli 2012.