Hopp til innhald

Annarita Sidoti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Annarita Sidoti


Statsborgarskap Italia
Fødd 25. juli 1969
Gioiosa Marea
Død

21. mai 2015 (45 år)
Gioiosa Marea

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992

Annarita Sidoti (25. juli 196921. mai 2015) var ein italiensk friidrettsutøvar frå Gioiosa Marea på Sicilia som i 1990 og 1998 vart europameister og 1997 verdsmeister i 10 km kappgang.

Sidoti vann gullmedaljen i kappgang under europameisterskapen 1990 i Split. Fire år seinare kneip ho sølvmedaljen i den neste europameisterskapen, ho fekk same tid som bronsevinnar Jelena Nikolajeva, begge kom i mål seks sekundar bakom den finske gullmedaljøren, Sari Essayah. I 1997 nådde Sidoti toppen i si tid som aktiv då ho vann kappganggullet ved VM i Aten, heile 36 sekundar framom nummer to i tevlinga. Året etter vart ho i Budapest europameister for andre gong, der landskvinna Erica Alfridi syrgde for italiensk dobbeltsiger.

Frå 1999 tevla kvinnelege kappgjengarar på 20 kilometer i staden for 10 km i dei store internasjonale meisterskapane. Sidoti deltok internasjonalt til 2002, utan å kunne blande seg i medaljekampen i korkje VM, OL eller EM.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Sidoti døydde i 2015 i heimbyen, nærare 46 år gammal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]