Annbjørg Lien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Annbjørg Lien (fødd 15. oktober 1971 i Ålesund) er ein norsk folkemusikar og komponist. Ho speler fleire instrument, m.a. nyckelharpa, hardingfele og vanleg fele. Ho er sambuar med professor og komponist Bjørn Ole Rasch.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Unge år[endre | endre wikiteksten]

Annbjørg Lien voks opp i Mauseidvåg i Sula kommune. Faren lærte henne å spela hardingfele, og ho tok fiolintimar i tillegg. Ho meistra instrumenta godt, og som tolvåring var ho med på innspelinga av LP-en Eg er liten eg... saman med andre unge, lovande folkemusikarar. I tillegg til musikkarrieren hennar har ho teke utdanning innan møbeldesign og interiørarkitektur ved Statens handverks- og kunstindustriskole.

I 1980-åra deltok ho ofte i både norske og nordiske folkemusikk- eller gamaldansmusikktevlingar. I Landskappleiken vann ho fleire gonger den yngste klassa for hardingfele. Annbjørg Lien vart no stadig meir kjend som folkemusikar, særleg då det i 1986 vart det laga fjernsynsportrett av henne på NRK. I 1987 var ho med på innspelinga av plata I seierstakt saman med trekkspelaren Aage Sogn. I 1988 gav Annbjørg Lien ut si fyrste soloplate, Kjellstadslåttar med folkemusikk frå heimtraktene på Sunnmøre. Annbjørg Lien lærte meir hardingfele med hjelp frå Hauk Buen, og lærte seg også å spela svensk nyckelharpa. I 1989 gav ho ut andreplata si Annbjørg, der ho trekte blanda sjangrar som jazz og rock inn i folkemusikken.

Bukkene Bruse og karrieren vidare[endre | endre wikiteksten]

Rundt 1988 starta Annbjørg Lien eit samarbeid med fløytisten Steinar Ofsdal og felespelaren og kvedaren Arve Moen Bergset. Dei tre danna den prisløna folkemusikkgruppa Bukkene Bruse og gav ut si fyrste plate i 1993. Gruppa vart utvald til å vera offisielle OL-musikarar til Vinter-OL 1994Lillehammer og har vunne både Spellemannprisen og Prøysenprisen. Keyboardisten Bjørn Ole Rasch blei det fjerde medlemmet i Bukkene Bruse i 1997. Bukkene Bruse har så langt gjeve ut til saman fire studioalbum og eit livealbum, det siste frå 2004.

I 1994 gav Annbjørg Lien ut si fjerde plate, Felefeber. Ho reiste mykje i utlandet i 1990-åra, hadde konsertar og innleidde eit samarbeid med den irske folkemusikkgruppa The Chieftains hvor også Bjørn Ole Rasch vart involvert som arrangør med Sissel Kyrkjebøe som solist. Musikken på platene Prisme (1996) og Baba Yaga (1999) er meir prega av såkalla verdsmusikk. På begge desse platene har Bjørn Ole Rasch vore involvert som arrangør, komponist og produsent. [1] Det har vorte sagt at Annbjørg Lien representerer den nordiske greina av verdsmusikken.

Etter 2000[endre | endre wikiteksten]

Dei siste åra har Annbjørg Lien hatt mange jarn i elden. I 2004 gav ho ut soloplata Aliens Alive, og ho komponerte filmmusikken til barnefilmen Valo (2005), saman med Bjørn Ole Rasch. Dei to var også involverte i musikken til musikalen Emma, som vart framført sommaren 2005. I 2006 var ho med på filmmusikkomposisjonen til The Mermaid Chair saman med Rolf Løvland og bidrog i 2006 på plata til kanadiske Loreena McKennitt, An Ancient Muse. [2] I 2007 spelte ho inn liveplate med den internasjonale folkemusikksekstetten The String Sisters, som bestod av verdas leiande kvinnelege fiolinistar. [3]

Same året skreiv ho eit tingingsverk til Telemarkfestivalen som resulterte i plata Waltz With Me (2008) [4] Her hadde ho med seg musikarane Bruce Molsky, Mikael Marin, Christine Hanson og Kirsten Bråten Berg. I 2009 gav Annbjørg Lien og Bjørn Ole Rasch for fyrste gong ut plate som vart lansert som eit duo-prosjekt. Den fekk tittelen Come Home og blanda norsk folkemusikk og verdsmusikk saman - på ein god måte, ifylgje platemeldaren i Dagbladet. [5]Plata fikk stor oppmerksamhet og Oppland Arbeidarblad og flere ander aviser gav dei begge topp kritikkar.

I 2010 gav Annbjørg Lien ut plate saman med Sondre Bratland under namnet Alle vegne. Denne inneheldt salmar og religiøse folketonar, med små feleslåttar som pauseinnslag innimellom og vart produsert av Bjørn Ole Rasch og nominert til Spellemansprisen 2010. Platemeldaren i Oslopuls skreiv om Alle vegne at «Dette er mest musikk for den religiøst anlagte. Tilhører du menigheten, er det mange gullkorn å hente i disse salmene.» [6]

Den foreløpig siste plata til Annbjørg Lien kom ut i februar 2012. Ho fekk tittelen Khoom Loy - eit thailandsk uttrykk for austens svevande lanterner; eit symbol for kunnskap, rettleiing og gode ynskje. Denne verdsmusikk-inspirerte plata er ei soloplate, sjølv om Bjørn Ole Rasch er med både som komponist, musikar, arrangør og produsent. Norsk folkemusikk ligg i botnen, men Lien og Rasch har teke med svenske Orsa Spelmän, nepalske musikarar, fløytisten Hans Fredrik Jacobsen, Kristiansand Strykerkvartett samt Mannskoret Gaasehud. Her er songtekstar av André Bjerke og Jakob Sande, og andre tekstar, både på engelsk og norsk. [7] Plata vert spellemannsnominert i 2012. I samme år kom dokumentarfilmen "Grenseløs Musikk" som har fulgt Lien og Rasch gjennom innspillingsprosessen av Khoom Loy som ble internasjonalt lansert samme år.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]