Anne-Grethe Leine Bientie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anne-Grethe Leine Bientie

Statsborgarskap Noreg
Fødd 2. juli 1954 (69 år)
Bærum
Yrke skribent, salmediktar
Anne-Grethe Leine Bientie på Commons

Anne Grethe Leine Bientie (fødd 2. juli 1954) er ein norsk forfattar og salmediktar. Ho har jobba mykje med sørsamisk kyrkjeliv og skrive bøker og salmar på sørsamisk. Ho er gift med presten og salmediktaren Bierna Bientie.[1]

Anne-Grethe Leine Bientie kjem opphavleg frå Bærum og lærde seg sørsamisk som vaksen. Ho har skrive barnebøker og salmar på sørsamisk, og er representert med to salmar i Norsk salmebok 2013. Den siste boka hennar kom i 2015 og er ei bok på sørsamisk for utdeling i kyrkja si trusopplæringsarbeid.[2]

Saman med illustratøren Meerke Laimi Thomasson Vekterli laga ho barneboka Joekoen sjïehteles ryöjnesjæjja i 2014. Boka vart i 2018 nominert til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Vadtese (2008)
  • Lengselen er et følehorn/Mejtie sån sjædta? (2013)
  • Joekoen sjïehteles ryöjnesjæjja (2014)
    • Norsk utgåve En skikkelig flink liten reingjeter (2018)
  • Mijjen gærhkoe-gærja – Vår kirkebok (2015)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ekteparets nettsider. Henta 23. mars 2015
  2. Feirer samefolkets dag med boklansering - kirken.no. Henta 23. mars 2015