Anne-Lise Berntsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anne-Lise Berntsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. august 1943
Død

3. november 2012 (69 år)

Yrke operasongar, skodespelar
Sjanger opera
Ektefelle Øyvind Gunnarsjaa
Born Ida Berntsen

Anne-Lise Berntsen (fødd 28. august 1943 i Drammen, død 3. november 2012) var ei norsk sopransongarinne frå Eggedal i Sigdal kommune. Ho song innanfor mange ulike sjangrar, både opera, samtidsmusikk, kabaret og barokkmusikk. Komponisten Nils Henrik Asheim skildra røysta hennar som «ei særprega stemme som du kjente att med éin gong, med enormt omfang og djupn. Ho har heile tida og i heile livet sitt jobba for å bruka den på nye måtar, ikkje berre for opera. Til og med arabisk song lærte ho seg.»[1]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Anne-Lise Berntsen vart lova ei lysande framtid allereie i ungdommen, og vart kalla «die kleine Flagstad». Ho reiste til Salzburg for å studera song ved musikkakademiet Mozarteum, men braut av studia. Seinare tok ho dei opp att, og studerte då både i Århus, Haag og London. I 1978 heldt ho sine konsertdebutar i Oslo og Århus.[2]

I 1982 prøvesong ho heilt tilfeldig ved Operahögskolan i Stockholm, og vart oppteken på høgskulen.[3] Ho debuterte i ein opera ved Kungliga Teatern i 1984, og same året song ho Pierrot Lunaire av Arnold Schönberg ved Festspela i Bergen.[4] Ho var tilsett ved Kungliga Teatern 1984-87.[5] Gjennombrotet som operasongar kom i Stockholm fire år seinare, i rolla som «Turandot» i Puccini-operaen med same namn. I 1989 song ho hovudrolla i Ariadne på Naxos av Richard Strauss ved Stora teatern i Göteborg, i 1990 spela ho Maria i Wozzeck av Alban Berg ved Det kongelige teater i København. I 1992 var ho Carmen i Puccini-operaen same staden. Fyrste gongen ho opptredte på Den Norske Opera var i 1991, i Jenúfa av Leoš Janáček.[6]

I tillegg til dei allereie nemnte, song Berntsen verk av Wagner, Händel og Britten m. fl. Ho gav ut fleire soloplater frå 1980-talet og utover, og opptredde i konsertsalar i både Europa, Japan og USA. I seinare år har ho arbeidd som songpedagog ved NTNU i Trondheim.

I 1994 gjekk ho inn i samarbeidet «Engleskyts» saman med Nils Henrik Asheim. Prosjektet resulterte i to musikkalbum med folketonar, salmar og orgelimprovisasjonar.[7] Dei heldt ofte konsertar saman frå 1994 og heilt til ho gjekk bort.

Anne-Lise Berntsen var busett i Vardø dei siste åra av livet sitt, der ho m.a. heldt årlege kurs i song og klarinett for nordiske og russiske musikkstudentar.[8] Eitt av dei siste prosjekta ho var involvert i, var operaen Kiberg-Odysseen av komponisten Trygve Brøske. Operaen tek for seg skjebnen til finnmarkspartisanane og skal framførast under Festspela i Nord-Noreg i 2014.[9] Etter ei tid med sjukdom døydde Berntsen i november 2013, 69 år gamal.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

  • 1999: Gammleng-prisen i kategorien for klassisk
  • 2004: Tildelt Statens garantiinntekt for kunstnarar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]