Anne-Lise Sollied Allemano

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anne-Lise Sollied Allemano
Fødd6. november 1964
FødestadFinnsnes
OpphavNoreg
Instrumentvokal
Stemmetypesopran
Verka somsongar

Anne-Lise Sollied (fødd 6. november 1964Finnsnes) er ein norsk sopran og professor i song ved UiT Noregs arktiske universitet.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Sollied er oppvaksen på Senja. Ho har utdanninga si frå Nordnorsk Musikkonservatorium, Norges musikkhøgskole og Statens operahøgskole. I perioden 1991–1998 tok ho diverse viaereutdanningskurs ved blant anna L'Accademia Acquasparta di Hugo Wolf og Mozarteum Sommerakademie. I 1992 debuterte Sollied som Musetta i La Bohéme av Puccini ved Den Norske Opera & Ballett. Den internasjonale debuten følgde året etter i same rolle ved operahuset Teatro La Fenice i Venezia. Av seinare roller kan nemnast Adele i Flaggermusen av Strauss på Den Norske Operaen og Ballett i 1998, Clorinda i «Oskepott» av Rossini i Lausanne i 2001 og Rosaura i La vedova Scaltra av Wolf-Ferrari i Montpellier i 2004 og ved Teatro La Fenice i Venezia i 2007.

Som solist har ho samarbeidd med dirigentar som Manfred Honeck, Christophe Rousset, Friedemann Layer, Jonathan Darlington, Enrique Mazzola, Emmanuelle Haim, Marco Guidarini, Karl Martin, Emmanuel Krivine og Eivind Gullberg Jensen.

Sollied har gjort fleire av sine viktigaste operatolkingar i samarbeid med den franske dirigenten Christophe Rousset: Alceste (Arianna in Creta av Händel), Arbate (Mitridate av Mozart), Amour (Anacreon av Rameau), Daphne (Apollo e Dafne av Händel), Venare (La Didone av Cavalli), Alceste (Admeto av Händel), Atamira (L'Empio punito av Melani), Diana (Ippolita e Aricia av Traetta) og Titania & Hippolyta (The Fairy Queen av Purcell).

Sollied var i mange år busett i Italia, og ho har hatt ei utstrekt utøvande verksemd og opptredd ved ei rekkje av dei store europeiske operahusa. Ho er i dag tilsett som professor i klassisk song ved UiT Noregs arktiske universitet.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

  • 1990 Førstepris, «Mozart invites young musicians», Staatsoper, Wien, Austerrike.
  • 1995 Mozart-prisen, G. B. Viotti, Vercelli, Italia.
  • 1998 Førstepris, Das deutsche Lied, Todi, Italia.
  • 2014 Tildelt Nordlys-prisen for sin innsats som songar i nasjonalt og internasjonalt, og for sitt virke som pedagog ved Musikkonservatoriet i Tromsø.

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

  • Wolfgang Amadeus Mozart: «Messe i c-moll». Emmanuel Krivine, La Chambre Philharmonique (Naxos 2006, CD)[1]
  • Leonardo Leo: «Misere – Musique sacrée». Dirigent Christophe Rousset, Les Talens Lyriques (Decca 2002)[2]
  • Wolf-Ferrari: «La vedova scaltra», Teatro La Fenice Orchestra. Dirigent Karl Martin. (Naxos 2007, CD og DVD)[3]
  • Wolf-Ferrari: «La vedova scaltra». Orchestre National de Montpellier. Dirigent Enrique Mazzola (Accord Universal France 2004, CD).
  • Christiano Giuseppe Lidarti: Oratoriet «Esther». Orchestre National de Montpellier Dirigent Friedemann Layer (Accord Universal France 2004, CD)
  • Georg Friederich Händel: «Arianna in Creta». Les Talens Lyriques, Festival Baroque du Bonne. Dirigent Christophe Rousset (CD)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Mozart: «Messe i c-moll»». 
  2. «Leonardo Leo: «Misere – Musique sacrée»». 
  3. «Wolf-Ferrari: «La vedova scaltra»».