Anne-Marie Colchen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anne-Marie Colchen


Statsborgarskap Frankrike
Fødd 8. desember 1925
Le Havre
Død

26. januar 2017 (91 år)
Sanary-sur-Mer

Idrett korgball, friidrett, friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1948, VM i basketball for kvinner 1953, EM i basketball for kvinner 1950, EM i basketball for kvinner 1952, EM i basketball for kvinner 1954, EM i basketball for kvinner 1956

Utmerkingar

Ridder av Æreslegionen, ridder av Ordenen for sportsfortjenester, ridder av Palmes académiques

Anne-Marie Colchen bak til venstre (7), saman med det franske basketballandslaget i 1953

Anne-Marie Colchen, gift Maillet, (8. desember 192526. januar 2017) er ein fransk tidlegare friidrettsutøvar og basketballspelar frå Le Havre.

Friidrett[endre | endre wikiteksten]

Colchen vann to medaljar under EM i friidrett 1946 i Oslo. Opningsdagen vann ho høgdetevlinga ettersom ho var den einaste som tok seg over 1,60 meter, fem andre kvinner enda med 1,57 i resultatprotokollen. Siste meisterskapsdagen fekk ho og lagkameratane sølv i 4 x 100 meter stafett, klart slått av det sterke nederlandske laget.

Under dei olympiske leikane i London i 1948 stopp Colchen på 1,40 m i høgdehopp og vart nummer 14. To år seinare kom ho på sjetteplass då ho klarde 1,50 m ved friidretts-EM 1950 i Brussel.

Basketball[endre | endre wikiteksten]

Frå 1946 til 1956 spelte Colchen 63 landskampar for Frankrike i basketball. Ho var med i samtlege fire europameisterskapane i tida 1950-56. Høgdepunktet var då Frankrike tok bronse i den aller fyrste verdsmeisterskapen i basketball i Chile i 1953, der USA vann framom vertslandet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]