Anne-Marie av Hellas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Anne-Marie av Hellas
Άννα-Μαρία, Βασίλισσα των Ελλήνων
HM The Queen of Greece.jpg
Dronning Anne-Marie av Hellas i Stockholm i 2010.
Dronning av Hellas
Fødenamn Anne-Marie Dagmar Ingrid
Fullt namn Anne-Marie
(gresk: Άννα-Μαρία)
Titlar Prinsesse av Danmark (1946–1964)
Dronning av Hellas (1964–1973)
Fødd 30. september 1946, København i Danmark
Ektefelle Konstantin II av Hellas

Dronning Anne-Marie av Hellas (gresk: Άννα-Μαρία, Βασίλισσα των Ελλήνων) (fødd Prinsesse Anne-Marie Dagmar Ingrid av Danmark30. august 1946 i København) er yngste dotter av kong Frederik IX av Danmark og dronning Ingrid av Danmark. Ho er syster av dronning Margrethe II av Danmark og prinsesse Benedikte av Danmark.

Ho er gift med kong Konstantin II av Hellas, som vart avsett etter ein folkerøysting i 1973 og 1974. Tittelen hennar, dronning av Hellas (eller dronning av hellenarane) er ikkje lenger anerkjend i Hellas, som fylgje av den republikanske greske konstitusjonen. I utlandet vert ho gjerne framleis tiltalt som dronning av Hellas.

Ho er riddar av Elefantordenen og er tildelt Dannebrogordenen.

Namn og titlar[endre | endre wikiteksten]

  • 1946–1964: Prinsesse Anne-Marie Dagmar Ingrid av Danmark
  • 1964–1973: Dronning Anne-Marie av Hellas