Anne Aanerud
Utsjånad
Anne Aanerud (fødd 30. desember 1952) er ein norsk tekstilkunstnar.
Aanerud skapar stofftrykk i eit geometrisk formspråk med store flater, ofte i forhold til arkitektur. Ho nytta tidlegare klåre, sterke fargar, men nyttar dei siste åra ein mindre del av fargeskalaen.
Aanerud har mellom anna undervist på kunsthandverkskulane i Bergen og i Oslo og har hatt fleire stor utsmykkingsoppdrag, som skular, sjukehus og kulturhus, mellom anna Den Norske Ambassaden i Saudi Arabia (1985), Aker Brygge i Oslo (1989) og St. Olavs hospital i Trondheim 2007.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Anne Aanerud» i Caplex.
- kulturnett.no