Anne Aasheim
| Anne Aasheim | |
Anne Aasheim i 2012. Foto: Olaug Thortveit (Aust-Agder bibliotek og kulturformidling) | |
| Statsborgarskap | Noreg |
| Fødd | 22. april 1962 Porsgrunn |
| Død | |
| Yrke | journalist, redaktør |
| Språk | norsk |
| Anne Aasheim på Commons | |
Anne Aasheim (22. april 1962–30. mars 2016)[1], direktør i Norsk kulturråd (Kulturrådet), var ein norsk journalist frå Porsgrunn. Ho hadde arbeidd i NRK, mellom anna som distriktsredaktør i Østlandssendingen (1997-2000), var fungerande kultursjef i 1999, nestleiar i P2 og P3, og distrikts- og nyhendedirektør (2001-2005) med ansvar for all journalistikk knytt til nyhende, sport og distriktsprogram på fjernsyn, radio og internett, var sjefredaktør i avisa Dagbladet frå 14. august 2006, og direktør i Kulturrådet frå 2011 til ho døydde i 2016.
Aasheim fekk påvist lungekreft i 2015.[1], og døydde i Oslo 30. mars 2016 etter ei lang tid med sjukdom. Ho gav offentleg uttrykk for korleis det var å leve med sjukdomen, og at ho hadde sagt frå til Norsk kulturråd om at ho på grunn av sjukdomen ikkje kunne søkje ein ny åremålsperiode som direktør.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 «Anne Aasheim er død». NRK.no. Henta 30. mars 2016.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Anne Aasheim ny Dagblad-redaktør[daud lenkje] – nyhendeoppslag i nettavisa Journalisten
- Hun er Dagbladets nye sjef på http://www.dagbladet.no