Anne Borg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå fysikaren Anne Borg.
Anne Borg

Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. september 1936
Oslo
Død

19. desember 2016 (80 år)

Yrke dansar, professor, ballettdansar
Ektefelle Finn Hald, Odd Borg
Anne Borg på Commons

Anne Borg (fødd 28. september 1936 i Oslo, død 19. desember 2016)[1][2] var ein norsk dansar, koreograf, ballettsjef og Noregs fyrste professor i klassisk ballett.[3]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Anne Borg studerte ballett i heimbyen under Gerd Kjølaas og Rita Tori i Noreg før ho studerte vidare i utlandet, i London, St. Petersburg og New York. I 1954 vart ho medlem i Den Norske Ballett og blei der i fire år. I 1960 vart ho tilsett som solist ved Den Norske Operas Ballett. Snart dansa ho store roller i ballettar som Coppélia, Giselle, Sylfiden, Svanesjøen, Frøken Julie, Månerenen og Medea.

I 1970 vart ho avløysande ballettsjef ved Den Norske Opera, men vart fast tilsett året etter fram til 1977. I 1976 var ho her med på å urframføra den fyrste norske heilaftans balletten, nemleg Pinocchio av koreografen Henny Mürer til musikk av Antonio Bibalo. Frå 1979 var ho lektor ved den nyoppstarta Statens Balletthøgskole til 1983, då ho vart ballettsjef ved operaen i nye fem år. I 1988 vendte ho tilbake til lektorstillinga ved balletthøgskulen. I 1989 vart ho beden om å overta leiinga ved Carte Blanche, som hadde flytta til Bergen. Då ho var ballettsjef her eit års tid 1990-91, fekk ho institusjonen på rett kjøl. Carte Blanche er i dag Noregs nasjonale kompani for samtidsdans.[4] I 1991 vart ho rektor ved balletthøgskulen fram til høgskulen blei innlemma i Kunsthøgskolen i Oslo i 1996. Ho heldt då fram som prorektor, og vart forfremja til professor i klassisk ballett i 2001.

I 2003 gav ho ut sjølvbiografien Dans!.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Anne_Borg» i Store norske leksikon, snl.no. (fri lisens)

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]