Anne Brontë

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anne Brontë

Pseudonym Acton Bell
Statsborgarskap Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Fødd 17. januar 1820
Thornton
Død

28. mai 1849 (29 år)
Scarborough

Yrke lyrikar, romanforfattar, guvernante, skribent
Religion Den anglikanske kirke
Far Patrick Brontë
Mor Maria Branwell
Signatur
Anne Brontë på Commons

Anne Brontë (17. januar 182028. mai 1849) var ein engelsk forfattar. Ho var den yngste av dei tre Brontë-systrene; Charlotte var den eldste og Emily den mellomste. I 1845 gav dei tre systrene ut ei diktsamling under mannlege pseudonym; Anne sitt var «Acton Bell».

Anne Brontë var dotter av ein fattig irsk prest i den engelske kyrkja, og ho budde det meste av livet med familien sin i soknet Haworth på lyngheiane i Yorkshire. I nokre år gjekk ho på kostskule. Då ho var 19 år forlét ho Haworth og arbeidde som guvernante mellom 1839 og 1845. Etter å ha forlate lærarjobben sin oppfylte ho dei litterære ambisjonane sin. Ho skreiv eit bind poesi saman med søstrene sine, Poems by Currer, Ellis, and Acton Bell i 1846, og to romanar. Agnes Grey byggjer på erfaringane hennar som guvernante, og vart gitt ut i 1847. Den andre og siste romanen hennar, The Tenant of Wildfell Hall, kom i 1848 og er rekna som ein av dei første gjennomførte feministiske romanane i ettertida. Livet hennar var kortvarig då ho døydde av tuberkulose i ein alder av berre 29 år.

Hovudsakleg på grunn av at gjenutgjevinga av The Tenant of Wildfell Hall vart forhindra av Charlotte Brontë etter at døydde, er ho mindre kjend enn systrene sine, Charlotte, forfattar av fire romanar, blant anna Jane Eyre, og Emily, forfattar av Wuthering Heights (Stormfulle høyder).[1] Likevel har romanane hennar, slik som dei til systrene, vorte klassikarar i engelsk litteratur.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Agnes Grey, 1847
  • The Tenant of Wildfell Hall (norsk Kvinnen på Wildfell Hall), 1848

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ann Brontë Remembered in Scarborough» Arkivert 2012-07-28 ved Wayback Machine.. www.annebronte.scarborough.co.uk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Anne Brontë