Anne Brown

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anne Brown

Fødd9. august 1912
FødestadBaltimore
Død13. mars 2009 (96 år)
DødsstadOslo
FødenamnAnne Wiggins Brown
OpphavUSA, Noreg
Instrumentvokal
Stemmetypesopran
Verka somoperasongar
Gift medThorleif Schjelderup
PrisarNorsk kulturråds ærespris

Anne Wiggins Brown (9. august 191213. mars 2009) var ein amerikansk-norsk operasongar (sopran), songpedagog og iscenesetjar frå Baltimore i USA.

Som dotter av ei songlærarinne fekk Anne Brown tidleg skulering innan song, men vart nekta songutdanning i heimbyen grunna reglar om raseskilje. Utdanninga si fekk ho difor ved Morgan College og etter kvart, instituttet for musikkunst ved Juilliard School i New York. Ho vart kjend verda over gjennom rolla som Bess i George Gershwin sin folkeopera Porgy and Bess, som vart urframført ved The Alvin Theatre i New York 10. oktober 1935. Rolla Bess vart spesielt skriven for stemma hennar. Deretter hadde ho roller på Broadway, var med i fleire oppsetjingar av Porgy and Bess, samt figurerte i filmen om Gershwin, Rhapsody in Blue.

Etter omfattande turnéverksemd frå 1942 og to avbrotne ekteskap, reiste Brown på turné til Europa og busette seg i 1948 i Oslo, der ho vart gift med skihopparen Thorleif Schjelderup og vart norsk statsborgar. På 1950-talet heldt ho fram karrieren sin i oppsetjingar som Gian Carlo Menotti sin The Medium and The Telephone. Helsemessige årsaker gjorde til at ho trekte seg tilbake tidleg, men heldt fram som songpedagog, med Åse Kleveland, Karin Krog, Elizabeth Norberg-Schulz, Liv Dommersnes, Liv Ullmann, Anne Nyborg, Ranveig Eckhoff og Sølvi Wang som nokre av dei mest kjende elevane.

Anne Brown har fått fleire prisar, mellom anna Musikkritikarprisen i 1950, Oslo bys kunstnerpris i 1990 og Norsk kulturråds ærespris i 2000. I 1999 vart ho æresborgar av Baltimore. Brown gav ut memoarboka Sang fra frossen grenAschehoug forlag i 1979.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]