Anne Dorthe Tanderup

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anne Dorthe Tanderup
Statsborgarskap Kongeriket Danmark
Fødd 24. april 1972 (52 år)
Aarhus
Idrett handball
Tok del i

Sommar-OL 1996

Anne Dorthe Tanderup (fødd 24. april 1972) er ein dansk tidlegare handballspelar frå Århus. Perioden 1994-97 vann ho to EM-gull, OL-gull og VM-gull med det danske landslaget.

Tanderup var rykkromspelar. Ho fekk sin landslagsdebut i februar 1991 og deltok i 88 landskampar fram til 1997, skåra 180 mål. Frå VM 1993 til VM 1997 sanka Tanderup meisterskapsmedalje i kvar einaste internasjonal turnering med Danmark sitt landslag. Det tok til med sølv i verdsmeisterskapen i Noreg, heldt fram med gull i EM 1994, bronse i VM 1995, OL-gull i Atlanta 1996, nytt EM-gull i 1996 og VM-gull 1997.

Tanderup var aktiv i Brabrand IF til 1991. Sesongen 1991/92 spelte ho for austerrikske Hypobank Niederösterreich og var med på å vinne meisterligaen. Deretter gjorde ho teneste i Viborg HK, den danske klubben som i 1994 vann EHF-cupen og i fire år i rad, 1994-97, vart danske seriemeistrar. Dessutan vann Viborg og Tanderup den nasjonale cupmeisterskapen 1994, 1995 og 1997.

Ein kneskade gjorde at ho la opp etter VM 1997.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]