Anne Dudley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anne Dudley

Dudley den 30. mars 2014
Fødd7. mai 1956 (67 år)
FødestadBeckenham i Kent i England
FødenamnAnne Jennifer Beckingham
OpphavStorbritannia
SjangerElectronica, synthpop, new wave, pop, filmmusikk
InstrumentSynthesizer, piano
Tilknytte artistarArt of Noise
PlateselskapTVT Records, Angel
Verka somKomponist, pianist
Gift medRoger Dudley
PrisarAcademy Award for Best Original Musical or Comedy Score, Deutscher Filmmusikpreis

Anne Dudley (fødd 7. mai 1956) er ein engelsk komponist og popmusikar. Dudley har arbeidd både innan klassisk musikk og popmusikk, men er kanskje mest kjend som eit av medlemmane i synthpopbandet Art of Noise og som filmmusikkomponist. I 1998 vann ho Oscarprisen for musikken til filmen The Full Monty. I tillegg har ho skrive musikk til over tjue andre filmar, og i 2012 var ho musikkprodusent for filmversjonen av Les Misérables.[1]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Dudley fekk opplæring innan klassisk musikk som ung, men byrja det profesjonelle arbeidet sitt med Trevor Horn i 1980-åra. I 1982 medverka Dudlen til det Horn-produserte albumet The Lexicon of Love av ABC. Etter kvart byrja ho å arrangere strykarar for Horn[2]) og skreiv òg somme songar med han. I lag med Horn arbeidde ho med artistar som Frankie Goes to Hollywood, Seal, Marc Almond, Rod Stewart, Robbie Williams og i nyare tid Siphiwo. Ho har skrive songar med Malcolm McLaren «Buffalo Gals», Cathy Dennis «Too Many Walls» og ein 1930-talsinspirert song med Sting kalla «This Was Never Meant To Be».

Som produsent har Dudley produsert Tom Jones-hitten «You Can Leave Your Hat On» (1988) og ein Debbie Harry-singel «Strike Me Pink» (1993). Dudley produserte to spor på Opera Babes-albumet Beyond Imagination i 2002. I 2004 produserte ho Voice for Alison Moyet. Dette nådde sjuandeplassen på den britiske albumlista.

Dudley var med å starte Art of Noise, som var pionerar innan bruk av sampling i pop. Bandet hadde hittar som «Beat Box» (1984), «Moments in Love» (1985) og «Kiss» med Tom Jones (1988).

Av orkesterarbeidet til Dudley finn ein «Northern Lights», ein 14-minuttar lang refleksjon over nordlys i Noreg, framført i 2005 og 2006 ved Royal Festival Hall.

Filmmusikk[endre | endre wikiteksten]

TV-musikk:

Som studiomusikar[endre | endre wikiteksten]

Dudley har arbeidd som studiomusikar for mange artistar:

Diskografi (utanom Art of Noise)[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Anne Dudley biography». imdb.com. Henta 16. mai 2016. 
  2. «Trevor Horn». Red Bull Music Academy Lecture, Madrid 2011. Arkivert frå originalen 2. april 2015. Henta 16. mai 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]