Anne Enger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Anne Enger
Anne Enger crop splm13.jpg
Anne Enger på Senterpartiet sitt landsmøte i 2013
Foto: Senterpartiet
Fødd 9. desember 1949
Trøgstad
Anne Enger på Commons

Anne Enger (tidlegare Anne Enger Lahnstein, (fødd 9. desember 1949) er tidlegare leiar for Senterpartiet og var statsråd i Kulturdepartementet (kulturminister) i Regjeringa Bondevik I. I ein periode var ho fungerande statsminister for Kjell Magne Bondevik under eit lengre sjukdomsfråver. Ho kjem opphavleg frå Trøgstad i Østfold.

Frå 2004 til 2015 var ho fylkesmann i Østfold.[1] Ho har tidlegare vore leiar i Redningsselskapet.

Enger var ein av dei mest innflytingsrike politikarane på 90-talet, men ho er nok mest kjend for kampen mot norsk medlemskap i EU fram mot valet i 1994. I denne perioden vart ho av media kalla «Nei-dronninga».

Enger tok artium i 1968 og har utdanning både som sjukepleiar (1972) og sosionom (1975) frå Det norske diakonhjem.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Avskjed med Anne Enger som fylkesmann. Fylkesmannen i Østfold (16. desember 2015). Vitja 19. mars 2016.