Anne Enger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Anne Enger Lahnstein)
Anne Enger

Anne Enger på Senterpartiet sitt landsmøte i 2013
Foto: Senterpartiet
Fødd9. desember 1949 (74 år)
Trøgstad kommune
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar
Utdanna vedAskim videregående skole
VID vitskapelege høgskule
BarnErik Lahnstein
MedlemDen Norske Nobelkomite
Alle verv

Anne Enger, tidlegare Anne Enger Lahnstein, (fødd 9. desember 1949) er tidlegare leiar for Senterpartiet og var statsråd i Kulturdepartementet (kulturminister) i Regjeringa Bondevik I. I ein periode var ho fungerande statsminister for Kjell Magne Bondevik under eit lengre sjukdomsfråver. Ho kjem opphavleg frå Trøgstad i Østfold.

Frå 2004 til 2015 var ho fylkesmann i Østfold.[1] Ho har tidlegare vore leiar i Redningsselskapet.

Enger var ein av dei mest innflytingsrike politikarane på 1990-talet, men ho er nok mest kjend for kampen mot norsk medlemskap i EU fram mot valet i 1994. I denne perioden vart ho av media kalla «Nei-dronninga».

Enger tok artium i 1968 og har utdanning både som sjukepleiar (1972) og sosionom (1975) frå Det norske diakonhjem.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Avskjed med Anne Enger som fylkesmann». Fylkesmannen i Østfold. 16. desember 2015. Henta 19. mars 2016.