Anne Evenstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anne Evenstad
Fødd 17. desember 1830
Stor-Elvdal
Død

30. januar 1909
Kristiania

Anne Evenstad (17. desember 183030. januar 1909) var ein norsk gardbrukar på garden Evenstad og legatstiftar.

Anne Olsdotter Evenstad var fødd på husmannsplassen Kjølhammar under garden Atneosen i noverande Stor-Elvdal kommune.

Ho var trulova med Ole Olsen Evenstad (1827–1859) som var son av Ole Olsen Evenstad (1798–1859). Han døydde like før dei skulle gifte seg i 1859. Anne fekk imidlertid sonen Ole. Same året døydde òg farfaren til den ufødde Ole, som testamenterte til Anne og den ufødte Ole kvar sin halvparten av Evenstad. Ho vart difor gardbrukar på på storgarden Evenstad i Østerdalen.

I 1859 vart Anne Evenstad gift med Erik Bergersen Messelt (1825-1867).

Sonen Ole døydde i 1891 barnlaus, og Anne arva heile Evenstadgodset.

Anne oppretta mange legat og var ein stor velgjerar.

Ettar at ho døydde kjøpte kommunen garden Evenstad. I 1912 vart Evenstad skogskole oppretta på garden etter ei legatgåve frå Anne.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]