Anne Gjevang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anne Gjevang
Fødd24. oktober 1948
FødestadOslo
OpphavNoreg
Instrumentvokal
Stemmetypealt
Verka somsongar, musikar

Anne Gjevang (fødd 24. oktober 1948 i Oslo) er ein norsk operasongar. Ho syng altstemme, og har ofte sunge i operaer av Wagner.[1]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Gjevang har si musikalske utdanning m.a. frå Santa Cecilia-konservatoriet i Roma. Ho blei uteksaminert derifrå i 1971, same året som ho heldt konsertdebuten sin som songarinne. Ho utdanna seg vidare ved musikkhøgskolen i Wien, der ho tok eksamen i 1973. Ho song i sin fyrste opera allereie i 1972, og har hatt ein lang og innhaldsrik karriere etter dette.

I Noreg har ho mellom anna sunge hovudrollene i både Frøken Julie og Carmen ved Den Norske Opera. På verdsbasis har ho sunge solo med både Berliner Philharmoniker, Chicago Symphony Orchestra og London Philharmonic Orchestra og opptredt i Metropolitan Opera i New York by, på La Scala i Milano, på operaen i Zürich, i Paris, på Royal Opera House i London[1] og på festspela i Bayreuth.

Anne Gjevang har også vore avløysande operasjef på Den Norske Opera frå Paul Curran gjekk av 1. januar 2012 til Per Boye Hansen overtok stillinga 1. august.[2]

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Profil hjå Wagneropera.no
  2. «Boye Hansen blir ny operasjef». Nrk.no. 26.09.2011. Henta 08.03.2014.