Anne Haavie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anne Haavie
Fødd1809
Død1888
OpphavNoreg
Verka somkomponist

Anne Haavie (180918. april 1888) er kjend som komponist av melodien til Aasmund Olavsson Vinjes dikt «Blåmann (Blåmann bukken min)».

Anne Rebekka Holmsen vart fødd i Enebakk. Fødselsdagen hennar er ikkje kjend, men ho vart døypt 4. februar 1810.[1] Kanskje var ho fødd 4. desember 1809, slik det var opplyst ved konfirmasjonen hennar i 1824, før datoen vart retta til 4.02.1810, som var dåpsdatoen.[2] Foreldra hennar var Petrana Kristiansdtr. og Holm Holmsen. Dei var gardbrukarar på Vik i Enebakk. Mora døydde same året som Anne vart konfirmert[3] og ho flytta då til garden Børter, heimgarden til faren.

Anne flytta sidan til Hobøl, der ho trefte Ole Haavie. Dei flytta inn til Kristiania og gifta seg her 16. januar 1857. I hovudstaden arbeidde Ole som lærar. Anne Haavie var heimeverande husmor. Dei fekk ingen barn.

Melodien vart første gong trykt anonymt i Melodiar til Knutsens, Bentsens og Johnsons Børnesange i 1870 og året etter i Norske Visor aat Skulom redigert av Ingvar Bøhn. Først i 1884 vart melodien trykt med opplysning om at Fru Anne Haavie var komponisten. Det var i Folkesangboken redigert av Jacob N. Kobberstad og Ole Koppang. Etter det har namnet følgt melodien i song- og visebøker, men ingen opplysningar om Anne Haavie var kjende før Kristoffer Kruken i 2002 publiserte ein artikkel om henne i Dag og Tid.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Kristoffer Kruken, Opphavskvinna til Blåmann, i Dag og Tid 9. november 2002, s. 16 og 17.
  • Terje Aarset, Den nynorske songskatten, Bergen 2009, s. 14 -- 17.
Fotnotar