Hopp til innhald

Anne Holt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anne Holt

StatsborgarskapNoreg
Fødd16. november 1958 (67 år)
Larvik
Yrkekrimforfatter, advokat, politikar, journalist, programleiar, romanforfattar
Politisk partiArbeidarpartiet
Sjangerdetektivforteljing
FarOlav Holt
EktefelleTine Kjær
PrisarBokhandlarprisen, Cappelenprisen, Rivertonprisen, Radio Bremen Crime Fiction Award, Rivertonprisen
Anne Holt på Commons

Anne Holt (fødd 16. november 1958) er ein norsk forfattar og advokat fødd i Larvik. Ho var justisminister i Thorbjørn Jagland si første regjering frå 25. november 1996 til 4. februar 1997, då ho måtte gå av pga. sjukdom. Anne Holt er utdanna cand.jur. ved Universitetet i Bergen i 1986. Ho var tilsett som programsekretær i NRK 19841988 og 19901991. I perioden 19881990 var ho politifullmektig ved Oslo politikammer. Holt debuterte som forfattar i 1993. Ho var president i Rivertonklubben 20012003. To av bøkene hennar er filmatiserte, Blind gudinne og Salige er de som tørster, begge i 1997. Regissør for begge filmane var Karl Jørgen Kiønig. Boka Død joker er dramatisert for radio.

Anne Holt er særleg kjend for dei realistiske politiromanane sine om den lesbiske politibetjenten Hanne Wilhelmsen. Ho vert rekna som ein av dei viktigaste forfattarane av feministisk kriminallitteratur i Noreg.

Utgjevingar

[endre | endre wikiteksten]
  • Blind Gudinne Kriminalroman (1993)
  • Salige er de som tørster Kriminalroman (1994)
  • Demonens død Kriminalroman(1995)
  • Mea culpa Roman (1997)
  • Løvens gap Kriminalroman (1997) (Saman med Berit Reiss-Andersen)
  • I hjertet av VM Fotballbok (1998)
  • Død joker Kriminalroman (1999)
  • Bernhard Pinkertons store oppdrag Barnebok (1999) (Saman med illustratøren Pjotr Sapegin)
  • Uten ekko Kriminalroman (2000) (Saman med Berit Reiss-Andersen)
  • Det som er mitt Kriminalroman (2001)
  • Sannheten bortenfor Kriminalroman (2003)
  • Det som aldri skjer Kriminalroman (2004)
  • Presidentens valg Spenningsroman (2006)
  • 1222 Kriminalroman (2007)
  • Pengemannen kriminalroman (2009)
  • Mai-Britt, Mars-Britt og campingvogna – barnebok (2010). Illustrert av Anne G. Holt.
  • Flimmer kriminalroman (2010) saman med broren, Even Holt
  • Mai-Britt, Mars-Britt og mopsen Muntermor – barnebok (2011). Illustrert av Anne G. Holt.
  • Skyggedød kriminalroman (2012)
  • Sudden death kriminalroman (2014) saman med Even Holt
  • Offline kriminalroman (2015)
  • I støv og aske kriminalroman (2016)
  • Furet/værbitt kriminalroman (2019)
  • Mandela-effekten kriminalroman (2020)
  • Det ellevte manus kriminalroman (2021)