Hopp til innhald

Anne Husebekk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anne Husebekk
Fødd15. desember 1955
Oslo
Død5. desember 2025
Tromsø kommune
NasjonalitetNoreg
Områdeimmunologi, transfusjonsmedisin
Yrkeimmunolog
InstitusjonarUniversitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet
Universitetssjukehuset Nord-Noreg
Alma materDet helsevitskaplege fakultetet ved Universitetet i Tromsø
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Anne Husebekk (15. desember 1955–5. desember 2025)[1] var ein norsk lege og professor i immunologi ved UiT – Noregs arktiske universitet (UiT), der ho var rektor i perioden 2013–2021. Ho var medlem av DNVA, visepresident i International Science Council og nest-leiar i styret for University of the Arctic (Uarctic).

Utdanning og forsking

[endre | endre wikiteksten]

Anne Husebekk vart uteksaminert lege frå Universitetet i Tromsø i 1982, og tok medisinsk doktorgrad i 1989.[2] Ho vart spesialist på immunologi og transfusjonsmedisin i 1991. I 2002 fekk ho stilling som professor i immunologi ved same institusjon. Husebekk forska særleg på transfusjonsmedisin og alloimmun trombocytopeni (blodplatemangel) hjå foster og nyfødde.[3]

Anne Husebekk var tilsett ved Institutt for medisinsk biologi ved Universitetet i Tromsø. Frå 2006 til 2011 var ho fag- og forskningssjef ved Universitetssjukehuset Nord-Noreg.

I 2013 vart ho vald til rektor ved Universitetet i Tromsø saman med prorektorane Kenneth Ruud (forskning/utvikling) og Wenche Jakobsen (utdanning).[4] Husebekk vart attvald for ein andre 4-årsperiode som rektor ved UiT - Noregs arktiske universitet i 2017.[5] Ho var òg styreleiar ved UiT i rektorperioden.

Som rektor ved UiT fekk ho styrka universitetet sin arktiske profil. Som ein del av dette skifta universitetet namn til UiT – Noregs arktiske universitet i 2013. Ho var aktiv på etablere internasjonalt samarbeid med institusjonar utanfor Europa, spesielt i Asia og var ein pioner i samarbeidet med Singapore. Under hennar leiing vart fleire høgskolar fusjonert inn i universitetet og UiT fekk med det eit større ansvar for heile landsdelen. I denne perioden ekspanderte universitetet gjennom ny bygningsmasse, større studenttal og nye studieprogram.

I 2015 vart ho leiar for Framsenteret.[6] I perioden 2023-2025 fungerte ho som leiar av Senter for hav og Arktis ved UiT - Noregs arktiske universitet.[7]

Nasjonale og internasjonale verv

[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til å vere aktiv i norsk utdannings- og universitetspolitikk hadde Anne Husebekk viktige nasjonale og internasjonale verv. Ho var visepresident i den internasjonale foreininga for transfusjonsmedisin (ISBT), hadde fleire verv i Noregs forskingsråd og tatt del i offentlege utreiingar for Biobanklova og Helseforskingslova. Ho var nestleiar i styret for Forsvarets høgskole, styremedlem i styret for Forsvarets forskningsinstitutt. Som representant for DNVA var ho nestleiar i styret for Senter for Grunnforskning (CAS).[8] Husebekk var styremedlem i helseforetaket Helse Nord og styreleiar i Tromsø Forskningsstiftelse. Husebekk var nestleiar i styret i University of the Arctic (Uarctic) og visepresident i International Science Council (ISC), der ho var leiar av «Committee of Freedom and Responsibility in Science».[9]

  1. ↑ Dag Rune Olsen. «En drivkraft i nord har forlatt oss» (på bokmål). UiT Norges arktiske universitet. Henta 2025-12-06.
  2. ↑ Anne Husebekk Pathogenetic relationship between precursor SAA and fibril protein AA in secondary amyloidosis doktorgrad Universitetet i Tromsø, 1989
  3. ↑ UNN Bioteknologi og forskning i helseforetakene
  4. ↑ Uniforum Universitetet i Tromsø har fått sin andre kvinnelige rektor 27.02. 2013
  5. ↑ «Nå har Universitetet i Tromsø valgt rektor. Valgdeltakelsen var på 6,5 prosent». www.forskerforum.no (på bokmål). Henta 2020-04-17.
  6. ↑ «Anne Husebekk valgt til ny senterleder», Framsenteret (på bokmål), 2015-03-10, henta 2024-09-23
  7. ↑ «Anne Husebekk er ny leder for Senter for hav og Arktis | UiT», uit.no (på bokmål), henta 2024-08-29
  8. ↑ «Board of Directors | CAS», cas-nor.no, henta 2024-09-23
  9. ↑ «Governing Board», International Science Council (på amerikansk engelsk), henta 2023-06-08

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]