Anne Jules de Noailles

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anne Jules de Noailles
Anne-Jules de Noailles Invalides.jpg
Fødd 5. februar 1650
Paris
Død

2. oktober 1708
Versailles

Yrke offiser
Anne Jules de Noailles på Commons

Anne Jules de Noailles, 2. hertug av Noailles (5. februar 16502. oktober 1708) var ein av dei øvste generalane i Frankrike mot slutten av regjeringstida til Ludvig XIV, og han kommanderte dei franske styrkane i Spania under både niårskrigen og den spanske arvefølgjekrigen. I 1693 vart han marskalk av Frankrike.

Den største sigeren hans var slaget ved Ter i 1694.

Han tok over som hertug etter faren Anne de Noailles då han døydde i 1677. Han var gift med Marie Françoise de Bournonville som han fekk 21 born med. Adrien-Maurice, det sjuande barnet og den eldste overlevande sonen hans, overtok etter faren då han døydde. Av døtrene gifta Marie Victoire seg med ein av kong Ludvig XIV sine uekte born, Comte de Toulouse.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]