Hopp til innhald

Anne Karin Torheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anne Karin Torheim
NasjonalitetNorsk
StatsborgarskapNoreg
Fødd12. mai 1953
Bergen
YrkeForfattar, skodespelar, litteraturkritikar
Periode1990-
DebutTida er verken ute eller inne

Anne Karin Torheim (fødd 12. mai 1953 i Bergen)[1] er ein norsk forfattar, litteraturkritikar, omsetjar og skodespelar. Ho voks opp i Eid kommune i Sogn og Fjordane, og er i dag busett i Stavanger.[2]

Ho debuterte med diktsamlinga Tida er verken ute eller inne i 1990, og sidan har ho gjeve ut to diktsamlingar til, éi prosabok og éin roman. Dessutan er ho representert i antologiar for både vaksne og born, og i læreverk for både grunnskulen og vidaregåande skule.[3] Torheim har også omsett Alice Sebold-romanane Nesten evig (2008) og Alle min kjære (2004) til nynorsk.[3]

Som skodespelar har ho hatt engasjement ved Den Nationale Scene, Sogn og Fjordane Teater, Riksteatret og Rogaland Teater.[2]

Torheim sat i Det litterære Råd i Den norske Forfatterforening i seks år.[3]

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]

I bøker - eit utval

[endre | endre wikiteksten]

I tidsskrift - eit utval

[endre | endre wikiteksten]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Anne Karin Torheim». forfatterkatalogen.no. Henta 29. november 2016.
  2. 1 2 «Anne Karin Torheim». Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Henta 29. november 2016.
  3. 1 2 3 «Anne Karin Torheim». Nettstaden til Det Norske Samlaget. Henta 29. desember 2016.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]