Anne Knutsdotter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

«Anne Knutsdotter» er ei norsk vise som har glidd inn i folkevisetradisjonen i Noreg her i landet. Teksten stammar frå spelstykket Han har det strengt frå 1865, skrive av bergensaren Claus Pavels Riis, som på denne tida levde som proprietær på øya Tysnes i Sunnhordland. Somme stader finn ein årstalet 1869 oppgjeve som opphavsår, dette er fordi boka Norske Visor aat Folkehøgskular kom ut dette året.

I den grad det har funnest ein levande modell for Anne Knutsdotter – og eit verkeleg «Uren Luren» – kan det ha vore på Tysnesøy, nærare bestemt husmannsplassen Heio, som låg under Berge i Vattedal på Onarheim, på austsida av Tysnes. Det finst også andre stader i landet som har gjort krav på «Uren Luren». Folket på Berge budde høgt «oppe under fjell» og var kjende som «Knut i Lukto» og «Abel i Himmelen». Dottera Herborg er peikt ut som den levande modellen for Anne.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]