Anne Lise Gjøstøl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anne Lise Gjøstøl
Anne Lise Gjøstøl (11097052174).jpg
Fødd 6. juli 1952
Oslo
Yrke kunstmålar, songar

Anne Lise Gjøstøl (fødd 6. juli 1952 i Oslo) er ein norsk songar og kunstmålar.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Som åtteåring debuterte Anne Lise Gjøstøl i jentekoret til NRK og fekk vera med i fleire fjernsynsprogram på 1960-talet. Ho gav ut si fyrste singelplate i 1965, Nå er karnevalet over, det året ho fylte 13. Ho valde musikklinja på gymnaset, der ho m.a. gjekk saman med songarane Ellen Nikolaysen og Anne Karine Strøm. I 1969 deltok ho i NRK si talenttevling Talent 69, der ho kom på andreplass.

I tillegg til at ho tok songtimar med Aase Nordmo Løvbergstuderte Anne Lise vidare ved Statens Operaskole og 4 år ved Barratt Dues Musikkinstitutt. Ho har teke eksamen som songpedagog. Då Cliff Richard fekk sitt eige norske fjernsynsprogram, var Anne Lise Gjøstøl med som gjest og popsongarinne. Også i ettertid har ho delteke i svært mange fjernsynsprogram, særleg med Erik Bye. Platedebuten hennar kom i 1972, under tittelen Ta min drøm; den var dels innspelt i Abbey Road Studios i London. Anne Lise Gjøstøl var også stundom med i Bendik Singers og syng på den einaste LP-en dei gav ut. Elles fekk ho engasjement i Det danske teater i København i musikalen «Blomsterstenen».

Hennar neste LP, Anne Lise Gjøstøl frå 1974, hadde halvparten av tekstane på norsk og halvparten på engelsk. For denne plata vann ho Spellemannprisen 1975 i klassa for beste vokalist. Ho fekk fleire oppdrag i musikalar på Oslo Nye Teater og Det Norske Teatret, m.a. i Jeppe, Så lenge skuta kan gå, Jesus Christ Superstar, Les Miserables, West Side Story og Balletten på scenen. Ho deltok også i musikalen Leve Patagonia. I tillegg har ho songe operaroller i Opera Mobile, t.d. Tryllefløyta, og ho har framført si eiga førestilling for barn, Musikkens makt om barokk- og renessansemusikk.

Frå 1971 til 1979 deltok ho i Melodi Grand Prix heile seks gonger utan å vinna, men fire gonger kom ho på andreplass. I 1984 gav ho ut Visst skal våren komme - Sanger om håp saman med Grex Vocalis og Göran Fristorp. Plata inneheldt songar av Eivind Skeie og Sigvald Tveitt. Men det ho kanskje har vorte mest kjend for er dei to singlane «Dimmefest» og «Gullfeber». Sistnemnte var ein duett med Kjell Fjalsett i høve VM i 1981, men begge desse singlane vart nokså tilfeldig utgjevne.

Den siste soloplata ho har gjeve ut, er Blå lengsel frå 1992. Dei siste åra har ho gjort klassiske konsertar, jolekonsertar, og utvikla seg meir som kunstmålar. Ho har studert i New York og fullførte ein mastergrad i fine art ved New York Academy of Figurative Art i 2002. [1]

Plater[endre | endre wikiteksten]

  • Ta min drøm (1972)
  • Anne Lise Gjøstøl (1975)
  • Kom kom skal jeg si deg no (1980)
  • Visst skal våren komme - sanger om håp (1984), med Göran Fristorp & Grex Vocalis
  • Blå lengsel (1992)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnote[endre | endre wikiteksten]