Anne Lise Wærness

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anne Lise Wærness
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1951 (73 år)
Trondheim
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1968

Utmerkingar

Kongepokal

Anne Lise Wærness, gift Wraa (fødd 1. september 1951), er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Trondheim. Ho spesialiserte seg i høgdehopp og seinare i diskoskast, og vann tre NM-gull i kvar av øvingane. Wærness var medlem av Sportsklubben Freidig.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Wærness markerte seg under NM i friidrett 1965 i Haugesund. Knapt 14 år gammal kapra ho sølvmedaljen med eit høgdehopp på 1,50 m, det same som bronsevinnaren Britt Salomonsen. Noregsmeisteren og kongepokalvinnaren Oddrun Hokland var i ei klasse for seg med ny noregsrekord på 1,66 m. Året etter var NM-medaljørane dei same og i same rekkefølgja, men med 1,61 m var Wærness og Salomonsen berre ei høgde (3 cm) bak Hokland.

Frå 1967 til 1970 forbetra Wærness den norske rekorden i høgdehopp åtte gongar frå Hoklands 1,66 m til hennar eige personlege bestehopp på 1,74 m i Stjørdal i juni 1970.

Under noregsmeisterskapen 1967, på heimebana Lerkendal i Trondheim, gjekk ho over 1,70 m og vart tildelt kongepokalen for beste kvinnelege prestasjon. Året etter, 1968, forbetra ho meisterskapsrekorden til 1,72 m. Ho deltok i sommar-OL 1968 i Mexico, der ho berre greidde 1,60 m og vart slått ut i kvalifiseringa. Tsjekkiske Miloslava Rezková vann OL-gull med 1,80 m.

Frå 1968 var Wærness også mellom dei aller beste diskoskastarane i Noreg. Både det året og året etter vart ho norsk dobbelmeister, diskoskast og høgdehopp, med kast på 41,32 m i 1968 og 43,36 m i -69. Ho sette personleg rekord i diskoskast med 46,04 m i København i august 1969.

I løpet av 1970-sesongen vart Wærness overgått av Kari Karlsen i høgdehopp, begge hoppa 1,70 m i NM, men Karlsen hadde færre riv. Året etter var Karlsen overlegen i NM, med 1,76 m mot Wærness på 1,64 m.

Wærness vann sitt sjette og siste NM-gull i 1972, frå diskosringen kasta ho 43,56 m.

Ho la opp etter 1973-sesongen.

Medaljar i norske meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1965: Sølv i høgdehopp
  • 1966: Sølv i høgdehopp
  • 1967: Gull i høgdehopp, pluss kongepokal
  • 1968: Gull både i høgdehopp og diskoskast
  • 1969: Gull både i høgdehopp og diskoskast
  • 1970: Sølv både i høgdehopp og diskoskast
  • 1971: Sølv i høgdehopp
  • 1972: Gull i diskoskast
  • 1973: Sølv i diskoskast

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]