Anne Nymark Andersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anne Nymark Andersen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. september 1972 (51 år)
Bergen
Idrett fotball
Tok del i

Sommar-OL 1996

Anne Nymark Andersen (fødd 28. september 1972) er ein norsk, tidlegare fotballspelar. Ho vart europameister med Noreg i 1993 og verdsmeister i 1995. Dessutan vart ho cupmeister med IL Sandviken i 1995. Anne Nymark Andersen er tvillingsøster til Nina Nymark Andersen, ei tid spela dei to i lag både på Sandviken og på landslaget.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Andersen spela sin første kamp i den norske toppserien med Bergens-laget Sandviken i 1991, og skåra sitt første mål heime mot Klepp Idrettslag på straffe. Ho var med på oppturen med Sandviken då klubben i 1995 kom på tredjeplass i serien og vann cupmeisterskapen, året etter vart det sølvmedaljar i seriespelet. Ho skåra i samtlege sesongar for klubben, med unnatak for den siste, 1998-sesongen.

Sesongane 1999-2000 spela ho for Arna-klubben Bjørnar, klubben ho hadde spela for som junior. Bjørnar spela frå 1997-sesongen i den norske toppserien, og var med i medaljekampen i 2000, men enda på fjerdeplassen i serien. Andersen la deretter fotbalsskoa på hylla.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Andersen debuterte på landslaget 17 år gammal, som innbytar, den 13. juni 1990 i ein EM-kvalifiseringskamp mot Finland. Sidan spela ho ikkje på landslaget att før enn i 1992. Under EM 1993 vart Andersen matchvinnar då ho skåra det einaste målet i semifinalen mot Danmark, og var på bana då Noreg slo Italia og vart europameister. Midtbanespelaren Andersen vart etter kvart fast på landslaget, og spela alle kampane då Noreg vart verdsmeister i 1995. Ho vann også bronse med landslaget under sommar-OL 1996. I 1999 spela ho sin 65. og siste landskamp, ni goongar fekk ho nettkjeninng som landslagsspelar.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • EM-gull 1993 for Noreg
  • VM-gull 1995 for Noreg
  • OL-bronse 1996 for Noreg
  • Cupgull 1995 med IL Sandviken
  • Seriesølv 1996 med IL Sandviken
  • Seriebronse 1995 med IL Sandviken

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar