Anne Rimmen
| Anne Rimmen | |
| Statsborgarskap | Noreg |
| Fødd | 11. september 1981 (44 år) Danmark |
| Yrke | programleiar, sportsjournalist |
| Språk | dansk |
| Partnar | Ailo Gaup |
| Anne Rimmen på Commons | |
Anne Elgård Rimmen (fødd 11. september 1981 i Danmark) er ein norsk programleiar og tidlegare sportsanker for NRK Sport.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Rimmen er fødd i Danmark, men flytta til Noreg som treåring og voks opp i Porsgrunn. Ho er både dansk og norsk statsborgar.
Utdanning og karriere
[endre | endre wikiteksten]Rimmen tok si journalistutdanning ved University of Queensland i Brisbane i Australia.[1]
Rimmen starta TV-karrieren som videojournalist, programleiar og redigerar i TV Telemarks redaksjon i Skien.[1] Etter dette arbeidde ho for bladet RED og i sportsredaksjonen til TVNorge.[1][2] Etter at ho kom til NRK i september 2007, var ho primært tilknytt NRK Sport, der ho mellom anna var programleiar for OL-studio under Sommar-OL 2012 i London, i tillegg til å vere sportsanker i Dagsrevyen og dei øvrige nyheitsprogramma på NRK. Våren 2011 var ho programleiar for Melodi Grand Prix-sendingane saman med Per Sundnes. Ho vann folkets pris under Gullruten 2011.[3]
I 2014 var ho programleiar for NRK-programmet Monsen på villspor,[4] og i 2020 deltok ho som «Ravnen» i underhaldningsprogrammet Maskorama på NRK.[5][6]
Familie
[endre | endre wikiteksten]Anne Rimmen er sambuar med Ailo Mikkelsen Gaup; paret har to barn.[7][8]
Rimmen er stesyster til TV-medarbeidarane Morten Stokstad og Marte Stokstad.[2][9]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 3 «Anne Rimmen til NRK». ta.no. 30. mai 2007. Henta 11. august 2012.
- 1 2 «Søskensuksess på TV». Se og Hør. 6. mars 2007. Henta 30. desember 2018.
- ↑ «Her er alle «Gullruten»-vinnerne». NRK.no. 13. mai 2011. Henta 11. august 2012.
- ↑ Slik lagres Monsen på villtur i nrk.no den 3. desember 2016.
- ↑ «Anne «Ravnen» Rimmen ute av «Maskorama»: – En del nerver». Verdens Gang. 6. desember 2020. Henta 26. oktober 2025.
- ↑ «Ravnen er ute av Maskorama». NRK.no. 6. desember 2020. Henta 26. oktober 2025.
- ↑ «Lurte alle med bryllups-sjokk». Se og Hør. 26. mars 2025. Henta 26. oktober 2025.
- ↑ «Anne og Ailo har tatt et bevisst grep rundt barna: – Det føles riktig». Klikk.no. 13. mai 2025. Henta 26. oktober 2025.
- ↑ «Marte Stokstad og Anne Rimmen leder 17. mai-sending sammen». Se og Hør. 3. mai 2016. Henta 26. oktober 2025.
- Denne artikkelen bygger på «Anne Rimmen» frå Wikipedia på bokmål, den 26. oktober 2025.