Anneke von der Lippe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anneke von der Lippe
Faroe stamp 317 film barbara.jpg
Fødd22. juli 1964
FødestadOslo
Verka somskodespelar, teaterskodespelar, filmskodespelar
PrisarAmandaprisen for beste kvinnelige hovedrolle, Amandaprisen for beste kvinnelige hovedrolle, Filmkritikerprisen, International Emmy Award for best actress

Anneke von der Lippe (fødd 22. juli 1964) er ein norsk skodespelar frå Oslo. Farfaren hennar var Frits von der Lippe, den fyrste sjefen i Riksteatret.[1]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Anneke von der Lippe er oppvaksen i Holmenkollåsen i Oslo, og gjekk på Steinerskulen i 12 år. Ho vart uteksaminert frå Statens teaterhøgskole i 1988, og vart same året tilsett Det Norske Teatret. Her har ho mellom anna spelt Ragnhild i Medmenneske av Olav Duun,Olga i Tre systrer av Anton Tsjekhov og tittelrolla i Molly Sweeney av Brian Friel. Seinare har ho spelt både i Teater Ibsen, Rogaland Teater og Nationaltheatret.

Ho filmdebuterte i 1992, då ho spelte Ann Mari Salmi, den kvinnelege hovudrolla i Krigerens hjerte av Leidulv Risan. Aftenposten skreiv den gongen: «Anneke von der Lippe leverer den sikreste og selvfølgeligste norske filmdebut på mange år.»[2] Fleire priskomitéar stadfeste styrken i debuten hennar då Anneke von der Lippe vann Amandaprisen 1992 i klassen beste kvinnelege hovudrolle og Filmkritikarprisen 1993, begge for rolla som i Krigerens hjerte.

I 1994 spelte ho ei hovudrolle i dramakomedien Over stork og stein av Eva Isaksen, saman med skodespelarane Johannes Joner og Dennis Storhøi. Året etter deltok ho i Henning Carlsen si filmatisering av romanen Pan av Knut Hamsun, saman med Bjørn Sundquist og Lasse Kolsrud. Då ho vann Amandaprisen 1995 for beste kvinnelege hovudrolle, var det for innsatsen i både Pan og Over stork og stein.

Anneke von der Lippe har seinare vorte kjend for skodespel i filmane Barbara (1997), Bare skyer beveger stjernene (1998), Misery Harbour (1999), Trigger (2006), deUSYNLIGE (2008) og Pax (2011), og miniserien Ved kongens bord (2005). Ho er gift, og har to døtrer.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

  • Amandaprisen 1992 i klassen beste kvinnelege hovudrolle for rolla som Ann Mari Salmi i Krigerens hjerte.
  • Filmkritikarprisen 1993 for rolla som Ann Mari Salmi i Krigerens hjerte.
  • Amandaprisen 1995 i klassen beste kvinnelege hovudrolle for rolla som Liv i Over stork og stein og rolla som Eva i Pan.
  • Den danske Bodilprisen 1996 i klassen beste kvinnelege birolle for rolla som Eva i Pan.[3]
  • Nominert til Emmy-prisen 2005 for rolla som helseminister Tove Steen i NRK-serien Ved kongens bord.[4]
  • Chaplinprisen[5]
  • Anneke von der Lippe er avbilda på eit færøysk frimerke i høve filmen Barbara.[6]

Roller[endre | endre wikiteksten]

Teater (utval)[endre | endre wikiteksten]

Film og fjernsyn[endre | endre wikiteksten]

  • 1989: Deadline (Fjernsynsserie)
  • 1992: Krigerens hjerte (Film)
  • 1992: Flaggermusvinger (Film)
  • 1992: Peer Gynt (Miniserie)
  • 1994: Over stork og stein (Film)
  • 1995: Søtti-tallskameratene (Fjernsynsserie)
  • 1995: Pan (Film)
  • 1996: Syndig sommer (Film)
  • 1997: Barbara (Film)
  • 1998: Nini (Fjernsynsserie)
  • 1998: Bare skyer beveger stjernene (Film)
  • 1999: Misery Harbour (Film)
  • 2001: Lime (Film)
  • 2002: Sejer - Djevelen holder lyset (Fjernsynsserie)
  • 2004: Far og sønn (Fjernsynsserie)
  • 2005: Ved kongens bord (Miniserie)
  • 2006: Trigger (Film)
  • 2007: Torpedo (Miniserie)
  • 2007: Lønsj (Film)
  • 2008: Ulvenatten (Film)
  • 2008: deUSYNLIGE (Film)
  • 2008: De gales hus (Film)
  • 2011: Pax (Film)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]