Anneli Ott
| Anneli Ott | |||
| | |||
| Fødd | 2. mai 1976 (50 år) Tartu | ||
|---|---|---|---|
| Statsborgar av | Estland | ||
| Parti | Estlands folkeunion (2005; 2009), Det sosialdemokratiske partiet (2009; 2011), Eesti Keskerakond (2011) | ||
| Yrke | politikar, lokalpolitikar | ||
| Utdanna ved | Universitetet i Tartu | ||
| Alle verv | |||
Anneli Ott (fødd 2. mai 1976 i Tartu i Estland) er ein estisk politikar som representerer Det estiske senterpartiet.
Ott har vore kommunepolitikar i heimbyen Võru, der ho har vore både borgarmeister/ordførar og byrådsleiar, fyrst som sosialdemokrat. Ho melde seg inn i Det estiske senterpartiet i 2011.[1][2]
I 2015 vart Ott vald inn i den estiske riksdagen. I november 2020 vart ho minister for offentleg forvalting ved ein rokade i den andre regjeringa til Jüri Ratas. Regjeringa gjekk av i januar 2021. Deretter vart Ott utnemnd til kulturminister i regjeringa til Kaja Kallas.[1][2] Ott vart kritisert for ikkje å ha vaksinert seg mot koronaviruset, noko som gjekk ut over hennar embetsførsel som kulturminister. Ott meinte at smittevernsstrategien til regjeringa under koronapandemien var unødig inngripande og gjekk av som kulturminister i november 2021, etter å ha teke sin fyrste vaksinedose.[3][4]
Ott er utdanna grunnskulelærar med idrettsfag som hovudfag.[1][2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 3 «Anneli Ott | Eesti Vabariigi Valitsus». www.valitsus.ee. 2021-01-26. Henta 2021-02-28. «Anneli Ott is the Minister of Culture of the Republic of Estonia from 26 January 2021. She is a member of the Estonian Centre Party.»
- 1 2 3 «Minister of Culture Anneli Ott». Ministry of Culture (på engelsk). 2021-01-26. Henta 2021-02-28.[daud lenkje]
- ↑ Tammik, Ott (2. november 2021). «Estonian Minister Quits Over Criticism of Unvaccinated Status» (på engelsk). Bloomberg. Henta 10. april 2022.
- ↑ «Anneli Ott resigns as culture minister» (på engelsk). ERR. 2. november 2021. Henta 10. april 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Anneli Ott» frå Wikipedia på bokmål, den 6. mars 2023.