Annerösli Zryd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Annerösli Zryd
Fødd 3. mai 1949
Adelboden

Annerösli Zryd (fødd 3. mai 1949) er ein sveitsisk, tidlegare skirennar frå Adelboden. Ho vart verdsmeister i utfor under VM i alpine greiner 1970 i Gherdëina.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Zryd debuterte i verdscupen i alpint i 1967, det året turneringa kom i gang. To gongar kom ho på fjerdeplassen i utfortevlingar, den første i Sestriere og den neste i Franconia i New Hampshire. I 1968 vart ho sveitsisk meister i utfor, og ho deltok i alle tre øvingane under Vinter-OL 1968 i Grenoble. Det enda med ellevteplassar i slalåm og utfor, og ein trettandeplass i storslalåm. To femteplassar i verdscupen i utfor vart hennar beste resultat i OL-sesongen.

1969-sesongen kom Zryd som best på sjetteplass i verdscuprenn, ein i slalåm og ein i utfor. Under VM i alpint 1970 i Gherdëina i Italia gjekk Zryd svært overraskande heilt til topps i utforrennet. Med tida 1.58,34 var ho nøyaktig ein halv sekund føre sølvvinnaren Isabelle Mir frå Frankrike. Meisterskapen var også med i verdscupen i alpint, og var Zryd einaste siger i verdscupen. Hennar beste verdscupplassering i sesongen elles var ein sjuandeplass i utfor i Oberstaufen.

Zryd la opp etter verdscupsesongen 1970.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]