Annie Dahr Nygaard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Annie Dahr Nygaard
Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. august 1988 (35 år)
Oslo
Yrke skodespelar
Far Martin Nygaard

Annie Dahr Nygaard (fødd 3. august 1988 i Oslo) er ein norsk skodespelar.

Annie Dahr Nygaard har hatt fleire mindre roller, blant anna i dei norske spelefilmane Lille Frøken Norge (2003) og Tommys inferno (2007), og i kortfilmane På velvet (2007), Løyndomen (2008) og Vektløs (2008). Ho hadde òg ei birolle i Bertolt Brechts Det gode mennesket fra Sezuan som vart sett opp på Centralteatret i Oslo i 2003. Dahr Nygaard har dessutan spelt hovudrolla i Appelsinpiken, filmatiseringa av Jostein Gaarders roman med same namn, regissert av tanta til Dahr Nygaard, Eva Dahr

Etter fullført bachelorgrad i teater og skodespelteknikk ved Høgskulen i Nord-Trøndelag vart ho i 2012 tilsett i det franske teaterkompaniet Phillippe Genty Compagnie, i forestillinga Forget Me Not. Denne turnerte i Europa, Asia og Russland fram til 2015.

Annie Dahr Nygaard er dotter av forfattaren Martin Nygaard og Victoria Dahr som saman driv Hurra Forlag på Smestad i Oslo. Ho er syster av skodespelaren Ida Nygaard.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]