Anniken Huitfeldt
Anniken Huitfeldt | |
![]() Anniken Huitfeldt i 2010 Foto: Johannes Jansson/norden.org | |
Fødd | 29. november 1969 (53 år) Bærum |
---|---|
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Arbeidarpartiet |
Yrke | politikar, historikar |
Utdanna ved | Universitetet i Oslo |
Far | Iver Huitfeldt |
Anniken Scharning Huitfeldt (fødd 29. november 1969 i Bærum) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Ho er utanriksminister i Regjeringa Støre frå 2021.[1]
Ho var tidlegare kulturminister, no arbeidsminister i regjeringa Stoltenberg II. Huitfeldt er utdanna cand.philol. med hovudfag i historie, er gift og har tre ungar.
Huitfeldt er dotter av lagdommar Iver Huitfeldt (f. 1943) og lektor Sidsel Scharning (1940–1990). Ho kjem frå Jessheim i Akershus og høyrer til den danske adelsslekta Huitfeldt (vert uttala hvittfelt). Ho er også niese av Høgre-politikaren Fritz Huitfeldt.
Utdanninga si på vidaregåande skule var ho ferdig med i 1988. Ho var leiar i Ullensaker AUF frå 1985 til 1988 og styremedlem i Akershus AUF frå 1986 til 1990. I 1989 byrja ho på universitetsstudia sine ved Universitetet i Oslo. Ho tok då grunnfag i statsvitskap og historie fram til 1992, då ho byrja på grunnfag i geografi ved London School of Economics. I 1993 var ho tilbake ved Universitetet i Oslo og tok hovudfag i historie.
Ho var nestleiar i Arbeidaranes Ungdomsfylking (AUF) frå 1994 til 1996 og leiar frå 1996 til 2000. Frå 2000 til 2005 arbeidde ho som forskar i Forskningsstiftelsen Fafo. Ho var også styremedlem i Redd Barna frå 2001 til 2007. Huitfeldt var vararepresentant til Stortinget i periodane 1993–1997 og 2001–2005, og vart innvald fast frå Akershus i 2005. Ho har sidan 2002 vore sentralstyremedlem i Arbeidarpartiet, og frå 2007 leiar i Arbeidarpartiets kvinnenettverk. Frå ho vart innvald i 2005 til ho vart statråd i 2008, var ho fyrste nestleiar i Stortingets kyrkje-, utdannings- og forskingskomité, i tillegg til medlem av gruppestyret til Arbeidarpartiet på Stortinget.
Huitfeldt vart i statsråd 29. februar 2008 utnemnd til barne- og likestillingsminister etter at Manuela Ramin-Osmundsen trekte seg frå denne ministerposten. Gorm Kjernli vart då fast vara for henne på Stortinget. 20. oktober 2009 vart ho utnemnd til kulturminister i den «nye» regjeringa Stoltenberg II, og i perioden 2009–2013 er det Are Helseth som møter som fast vara på Stortinget.
Bibliografi[endre | endre wikiteksten]
- Child slavery and child trafficking in West Africa, Roma minorities in the Czech and Slovak Republics, Det globale ekteskapsmarkedet (Fafo-notat 2001–2004)
- Likhet eller Likeverd (1996)
- Fagbevegelsen foran et nytt århundre (1997)
- Sosialdemokratiet 2000 (2000)
- Næringslivets samfunnsansvar (2003)
- Women in Iraq – Analytical Report, Bagdad (2005)
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Regjeringens medlemmer». Regjeringen.no. 14. oktober 2021. Arkivert frå originalen 2021-10-15. Henta 15. oktober 2021.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1969
- Norske utanriksministrar
- Norske kulturministrar
- Norske arbeidsministrar
- Statsrådar i Regjeringa Støre
- Statsrådar i Regjeringa Stoltenberg II
- Ap-statsrådar
- Leiarar i AUF
- Stortingsrepresentantar 2005-2009
- Stortingsrepresentantar 2009-2013
- Stortingsrepresentantar 2013-2017
- Stortingsrepresentantar 2017-2021
- Stortingsrepresentantar 2021-2025
- Stortingsrepresentantar frå Ap
- Stortingsrepresentantar for Akershus
- Folk frå Ullensaker
- Folk frå Bærum