Kristi fødsel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Anno domini)
AD er omdirigert hit. For andre tydingar, sjå AD
Dionysius Exiguus utarbeida tidsrekninga basert på Kristi fødsel for å halde rekning med tidspunktet for påske

Kristi fødsel er utgangspunktet for den tidsrekninga som vert nytta i det meste av verda, og har utspring i kristendommen. Årstal vert oppgjeve som anten før Kristi fødsel (f.Kr.) eller etter Kristi fødsel (e.Kr). Dersom eit årstal ikkje har noka slik presisering, er det alltid tale om tida etter Kristi fødsel.

A.D. eller AD, som står for Anno Domini (latin: «i Herrens år»)[1] eller Anno Domini Nostri Iesu Christi «i vår Herres, Jesu Kristi, år», viser til året etter Kristi fødsel.

Kyrkja og tidsrekninga[endre | endre wikiteksten]

Tidsrekninga legg til grunn eit historisk år for Jesu Kristi fødsel som forskinga seinare har kome til var noko for seint. Han vart mest sannsynleg fødd i tida frå år 4 til 6 år før «år null» (sjå tidspunktet for Jesu Kristi fødsel).

Denne tidsrekninga vart føreslege av munken Dionysius Exiguus i år 525, men var ikkje innført før på 700-talet. I byrjinga vart denne tidsrekninga mest nytta ved pavehoffet i Roma, men etter kvart fekk ho større utbreiing og fortrengde på 900-talet og 1000-talet dei andre tidsrekningane i Vest- og Sentral-Europa. Tidlegare nytta ein i store delar av Europa ei tidsrekning som tok utgangspunkt i dagen då den romerske keisaren Diokletian tok over keisartrona, (20. november 284).

I mellomalderen og renessansen hadde ein på latin ikkje noka tilsvarande nemning som Anno Domini for tida før Kristi fødsel, i det heile er den engelske munken Beda den fyrste til å peike ut eit år som eit som låg i tida «før Kristi fødsel». Han nytta nemninga ante incarnationis dominicae tempus («før tida då Herren vart lekamleggjort») i verket Historia ecclesiastica gentis Anglorum (I.2) i 731. Dei fleste tilsvarande tidlege nemningane på latin tok utgangspunkt i lekamleggjeringa av Kristus (incarnatio Christi) eller då svangerskapen tok til (conceptio Christi), ikkje fødselen hans ni månader seinare.

Nummerering av år[endre | endre wikiteksten]

Tidsrekninga vart innført utan noko år 0, det vil seie at ein i staden for år 0 før og år 0 etter Kristi fødsel kalla det for «fyrste år før Kristi fødsel» bakover til eitt fullt år, og «fyrste år etter Kristi fødsel» fram til eitt fullt år. Ein hadde enno ikkje noko omgrep for talet eller mengda «null» (det tydde berre «ingenting»), difor hadde ein heller ikkje noko eige talsymbol for det blant romartala. Denne tenkjemåten høver godt med førestillinga om talrekka, der null berre er eit punkt midt mellom –1 og 1. Ein får då denne årrekka: år 1 f.kr. → 1 e.kr. → år 2 e.kr. ...

Dette skapte ein del diskusjon ved overgangen frå år 1999 til 2000, då dette vart feira som «2000 år sidan Kristi fødsel», medan det eigentleg var 1999 år sidan «nullpunktet».

I astronomisk tidsrekning er det upraktisk å ikkje ha eit år 0. Ein har derfor lagt til eit år 0 før år 1 e.kr. Vidare vert det nytta eit minusteikn «–» for å oppgje år før Kristi fødsel, ikkje «f.kr.» . Dette fører til ein skilnad på eitt år for alle år før Kristi fødsel. Til dømes: –1 tilsvarar år 2 f.kr.[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Nynorskordboka
  2. Doggett, 1992, s. 579

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]